logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
Illustrasjonsfoto: Pixabay.com

Éin av fire danskar trur på reinkarnasjon

No trur fleire danskar på reinkarnasjon enn på klassiske kristne førestillingar om himmel og helvete, viser ei ny undersøking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert 07.05.2019 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

24 prosent av danskane trur at sjela blir atterfødt i ein ny lekam når dei døyr, medan berre 19 prosent trur at dei kjem til himmelen og 10 prosent at dei hamnar i helvete, viser Den Danske Værdiundersøgelse.

Undersøkinga blir først offentleggjort seinare i månaden, men blir omtalt av avisa Kristeligt Dagblad.

Har du lyst til å lære dansk? Ta eit kurs med Jakob Oftebro.

– Reinkarnasjon er ein behageleg idé

Førestillinga om reinkarnasjon, eller såkalla sjelevandring, finn ein særleg innan hinduisme og buddhisme, medan det blir avvist heilt innan kristendommen, jødedommen og islam.

– Vi lever i ei tid der alt går raskare og der mange har ei nærast manisk førestilling om ikkje å gå glipp av noko. Vi vil rekke over alt, for vi har berre dette eine forsøket. Reinkarnasjon gir ein behageleg idé om at vi får eit forsøk til, seier religionssosiolog Henrik Reintoft Christensen ved Aarhus Universitet.

Ifølgje undersøkinga trur 39 prosent av danskane på eit liv etter døden, men prost Poul Henning Bartholin i Aarhus Domkirke meiner prestane må bli tydelegare på kva dette inneber.

– Undersøkinga tyder på at det er behov for medlemsinformasjon i folkekyrkja. For reinkarnasjon er noko heilt anna enn det kyrkja står for, seier han.

Les også om Bømlo-elevane som har forska på konfirmasjon før og no: Presten ville nekta ei jente med krøller å konfirmera seg

konfirmasjon

Sadia Moon Sultana, Lene Gilje Sæverud, Hedda Geitung Håvik og Karoline Røksund har forska på religionsliv og konfirmasjon før og no på Bømlo. Foto: Svein Olav B. Langåker

  • SAMFUNN
  • Livssyn og religion
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

Vivian (26) møtte pave Frans: – Vår alles far og bestefar

Norsk vegansamfunn saksøkjer staten

Kollasj av id-gratulasjonskort og ung kvinne med hijab.

Gler seg over synlegare ramadan: – Kan bidra til ei kjensle av fellesskap

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT