Katrine Nedrejord heidra med Havmannprisen 

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Havmannprisen er ein litteraturpris som skal fremja nordnorsk litteratur, og går til forfattarar som har ei tydeleg nordnorsk tilknyting.

Norsk-samiske Kathrine Nedrejord frå Kjøllefjord i Finnmark debuterte i 2010 med romanen Transit.

For tredjeboka Forvandlinga vart ho heidra med Havmannprisen, som vert delt ut av Rana bibliotek og Nordland fylkesbibliotek i samarbeid med Helgeland sparebank, Ark Mo og Norsk Forfattersentrum.

Prisen vert delt ut under Havmanndagene i Mo i Rana, som gjekk føre seg denne helga.

Tek lesaren inn i kjenslene

Forfattar Kathrine Nedrejord meiner det juridiske språket kring valdtekt kan verke framand for offera.

Forfattar Kathrine Nedrejord meiner det juridiske språket kring valdtekt kan verke framand for offera.

Forvandlinga handlar om ei ung kvinne som blir utsett for ei overfallsvaldtekt i Paris og kampen hennar for å koma tilbake til eit normalt liv.

– Eg skjønar jo at boka kan opplevast som litt vond å lese, men for meg var ho veldig god å skrive. Det var heilt nødvendig, sa Kathrine Nedrejord til Framtida.no då boka kom ut i fjor.

31-åringen er også dramatikar og scenekunstnar og blei i fjor husdramatikar ved Nationaltheatret.

Juryen meiner at Nedrejord greier å skriva om temaet på ein måte som gjer at lesaren ikkje berre følgjer dei fysiske og psykiske reaksjonane, men at ho også har ein spesiell skrivestil som gjer at lesaren føler korleis hovudpersonen har det.

Tidlegare har mellom anna Mikkel Bugge, Hanne Ørstavik og Herbjørg Wassmo fått prisen.

Les også: Thordis og valdtektsmannen hennar har skrive bok saman