Kjære NORD universitet: Det er inga skam å snu!

Jenny Myklebust, lærar utdanna ved Høgskulen i Nesna
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Rektor ved NORD universitet foreslår nedlegging av den 101 år gamle institusjonen for lærarutdanning på Nesna. Forslaget rammar og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen.

Dette trass i at Nesna har svært god rekruttering og blandt dei høgste resultata på trivsel og gjennomføring i NORD universitet. Reaksjonane på forslaget er sterke, sidan behovet for profesjonsutdanning er stort på Helgeland.

Kjære NORD universitet.

Når du no planlegg å legge ut på ei strabasiøs og faretrugande ferd, kan det vere lurt med litt sunt folkevett på reisa.

  1. Planlegg (struk)turen etter behova som faktisk finst
  • Vis omsyn til geografien. Områda du gjev deg i kast med er enorme.
  • Tenk på land og folk. Det at vi er forskjellige er vår styrke!
  • Dei som seier at alle vil på bytur, er på bærtur.
  1. Tilpass (struk)turen
  • Ikkje legg ut på langtur i ulendt terreng med skjult agenda.
  • Er du på veg til å bryte ut og gå aleine, vær varsam!
  1. Unngå bomtur
  • Sørg for å ha kunnskap. Den kan visst vere både første- og «annanrangs».
  • Godt trakka stiar er ofte gode å gå i.
  • Lytt til erfarne fagfolk, gjerne dei med hundre års erfaring.

4 . Du har no ansvar for førstehjelpsutstyret

  • Ta vare på lærarar og sjukepleiarar. Dei kan redde liv!
  • Dersom du hamnar i ulukka kan du få hjelp, takka vere ei i bunad.
  • Vi kunne ha varsla politiet, men dei er dessverre ikkje i nærleiken lenger.

5 . Vær merksam, når du no er på tynn is

  • 80 000 helgelendingar kan utløyse skred.
  • Eit skred kan gå tre gongar så langt som høgda på henget.
  • Først vil skredet ramme Helgeland, seinare vil det eskalere NORD-over.
  1. Legg frå deg uvêr og kulde
  • NORD-vinden klarar ikkje å blåse anorakken av ein friluftlivsstudent om sola lyser sterkare her heime.
  1. Ikkje lag dine eigne kart
  • Rapportar er nyttige, men berre om innhaldet er korrekt.
  • Forsking er viktig, men berre dersom ho vert lytta til.
  • Kjenn etter i ditt indre moralske kompass.
  1. Avpass farta og pass på at alle er med
  • Søk ly i distrikta. Her er det både hjerte- og husrom.
  • Ikkje tre huva ned over auga.
  • Då risikerer du å grave deg sjølv ned i (u)tide.
  1. Vend i tide!
  • Lytt til erfarne studentar.
  • Hold (fusjons-)avtala.
  • Det er inga skam å snu!

Beste helsing Jenny Myklebust,
«annanrangs»-utdanna lærar frå Høgskulen i Nesna.