Aksel Hennie debuterer som teaterregissør med Lovrenskis oppvekstroman – på nynorsk

Den Spellemann-vinnande rapparen Jonas Benyoub skal spele hovudrolla.

NPK-NTB
Publisert

Det er gutta boys som set kvarandre stemne når Oliver Lovrenskis premierte debutroman «Da vi var yngre» finn vegen til scena i 2025.

For hovudrolla blir spelt av den Spellemann-vinnande rapparen Jonas Benyoub, kjent for Karpe-samarbeidet sitt, medan Aksel Hennie for første gong prøver seg som teaterregissør, melder TV 2.

Det var Hennie som ønskte Benyoub i hovudrolla som Ivor. I romanen heng Ivor med kameratane Marco, Arjan og Jonas, men hamnar djupt ned i eit miljø prega av rus, vald og kriminalitet.

Jonas Benyoub (bildet) spelar hovudrolla når Oliver Lovrenskis oppvekstroman «Da vi var yngre» blir sett opp på Det Norske Teatret i 2025.

Den er skriven på såkalla sosiolekt, og halvt kroatiske, halvt norske Lovrenski sa til VG at boka var «autentisk for Oslo og livet eg levde».

Jonas Benyoub (30) er halvt norsk, halvt marokkansk og voks opp på Oslos austkant. Til NTB kalla han seg «ein gut som på ein måte har falle mellom to stolar». Han fekk gjennombrotet sitt med låten «Youm Wara Youm», som var å høyre i «Skam».

– Eg har vakse opp til «Uno» og filmane Hennie har spelt i, så det å skape noko saman no kjennest ekstremt bra, seier Benyoub til TV 2.

Det er Det Norske Teatret som set opp den særeigne romanen «Da vi var yngre», som har gjort at Oliver Lovrenski har hanka inn ei rekke prisar – blant dei Bokhandlerpris i fjor, som han var tidenes yngste til å vinne.