Kameratar – godtfolk – gratulerer med dagen!

Ikkje nøgd: Klubbleiar Richard Storevik på Apply Leirvik er kritisk til regjeringa, og kjem her med 13 gode grunnar til å stemma for regjeringsskifte. (Foto: Arkiv)

Richard Storevik, klubbleiar, Leirvik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I 1935 blei 1.mai gjort til flaggdag i Norge. Året er ikkje eit kva som helst år. Dette året – for snart 85 år sidan – tok Arbeidarpartiet over styringa av landet. Og det skjedde samtidig med at me fekk hovudavtalen mellom LO og det som i dag heiter NHO.

Hovudavtalen blir kalla «Arbeidslivets grunnlov» og er ein viktig grunn til at arbeidslivet er som det er i dag.

1935 var eit stort vendepunkt i Noregs historie. På mange måtar var dette samlinga av landet. Ein del av denne samlinga var også å gjera 1.mai til ein flaggdag og litt seinare, i 1947, å gjera både 1.mai og 17.mai til offisielle høgtidsdagar.

Vi brukar dagen til å markera det som er dagens og framtidas utfordringar.

Arbeidarrørsla oppstod i opposisjon til autoritære og udemokratiske tradisjonar. I politikken, i samfunnslivet og ikkje minst i arbeidslivet. Ein tradisjon som bygde på at det var nokon som var best eigna til å styra og andre til å bli styrt.

Arbeidarrørsla gjorde opprør mot dette. Den sa at alle skulle settast i stand til å kunna løfta seg sjølv:

• Gjennom at alle skulle sikrast arbeid slik at dei kunne forsørgja seg sjølv og eigen framtid.
• Ved å organisera seg slik at arbeidet skulle bli noko meir enn eit levebrød og meir enn eit slit.
• Ved å få utdanning og ved å få god helse.
• Og ved at vanlege menneske i kraft av arbeid skulle bli deltakarar i samfunnet.

Historia til rørsla vår er historia om menn og kvinner som har gjort ein innsats. Trudde på endring. Og fekk til utrulege framsteg.

Kameratar!

Arbeidslivet er i endring – for folk i alle aldersgrupper.

Nye løysingar, kortare svingar, tilgjengeleg og effektivt.

Globalisering og ny teknologi er bra.

Det skaper vekst.

Men når veksten blir fordelt urettferdig blir det irritasjon.

Når tilsette blir utnytta reagerer vi.

Når forskjellane auker seier vi ifrå.

Her har vi ei regjering som aktivt fremjar forskjellar.

Dei straffar arbeidstakarar som må pendla.

Dei tar pengar frå folk som bur på brakke.

Dei går til angrep på sjukelønsordninga.

Arbeidsledige slitarar som mister jobben og får nokre kroner som plaster på såret – blir skattelagt.

Samtidig som dei drysser millionar over landets rikaste.

No som vi ser at aukande forskjellar skaper sosial uro og styrker ekstreme grupper i verda, er forskjellar tilbake forlengst på den politiske agendaen.

Skal vi lykkast i å redusera forskjellane, og sørgja for ei meir rettferdig fordeling av ressursane i verda, er folk sin rett til å organisera seg heilt sentral.

Derfor oppfordrar eg alle til å bidra til Norsk Folkehjelp sitt viktige arbeid på dette området!

Takk for at dokker høyrte på og lykke til vidare med denne flotte 1.mai dagen!

Debattinnlegget er ei forkorta utgåve av 1. maitalen som Richard Storevik heldt på Litlabø på Stord.