KS krev ekstra klimamillionar til miljøvennleg kollektivtransport
Omlegginga til miljøvennlege og fossilfrie bussar og ferjar gir store meirkostnader. No vil KS at regjeringa bidrar med middel til auka driftskostnader.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I eit møte med regjeringa onsdag vil KS derfor krevje at regjeringa legg på bordet 500 millionar kroner ekstra til dei auka driftskostnadene, skriv Kommunal Rapport.
KS har utarbeidd ei samla oversikt over kor mykje klimavennleg kollektivtransport fylkeskommunane har innført og vedtatt å innføre, og dessutan kor mykje kostnadene aukar ved å velje utsleppsfrie bussar og båtar.
– Vi har no fått dokumentert at fylka som leier an i det grøne skiftet får store utgiftsaukar. Når fylka bidrar sterkt til å nå nasjonale mål om fossilfri kollektivtrafikk i 2025, må òg rikspolitikarane vere med å betale meirkostnadene, seier KS-leiar Gunn Marit Helgesen.
Klimaomsyn kostar
Rapporten, som er utarbeidd av Menon Economics og Transportøkonomisk institutt (TØI) på oppdrag frå KS, viser at dei årlege meirkostnadene for fylkeskommunane berre til å drifte fossilfrie bussar og ferjer er 200 millionar kroner i 2019. Det aukar til 500 millionar årleg i 2025.
Batteridrivne ferjer er ny teknologi som er dyrare å kjøpe inn enn gass- og dieseldrivne ferjer, og elektriske ferjer står for 70 prosent av meirkostnadene som er berekna.
KS meiner det er naturleg at meirkostnadene til fylka til drift blir dekte over Kommunaldepartementets budsjett, og ønsker å få på plass ei ordning i budsjettet frå og med neste år som sikrar at fylke kan investere i og drive fossilfrie ferjer og bussar, utan at det går utover andre tenester.
Har du fått med deg meiningsinnlegget som spør: Er det rettferdig at unge vestlendingar må betala mest for det grøne skiftet?