Kalvøs alternative hyttebok held stand i toppen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vil seie at boka har vore inne på topplista heilt sidan den kom ut i haust. Are Kalvø sitt humoristiske og boklege oppgjer med det han meiner er litt vel mykje glorifisering av friluftslivet sine gleder her til lands, har ògså fått eit imponerande opplag. Boka, som er hovudbok i Bokklubben Nye Bøker denne påska, har med det fått eit totalopplag på 70.000 bøker, melder Kagge.

LES INTERVJUET: Kalvø tek eit oppgjer med hyttelivet

Til ti land

Humorboka kan òg skilte med å ha blitt selt til ti land. Sist ut til å sikre seg moroa er Sør-Korea. Kalvøs agent, Hans Petter Bakketeig i Stilton Literary Agency, seier dette om utanlandssalet:

– Tysklands leiande reiselitteraturforlag, DuMont, satsar tungt på Kalvøs bok til hausten og har gitt den tittelen «Frei. Luft. Hölle», altså «Friluftshelvete». I Sør-Korea vart det bodrunde på rettane med ti interesserte forlag, kanskje er dette helst eit uttrykk for forvitenskapen til koreanarane på skandinavisk levemåte?

Vidare har forlag i Sverige, Nederland, Danmark, Estland, England, Italia, Slovakia og Tsjekkia sikra seg rettane.

ARE KALVØ OM SKI-VM: Av og til er kaving i snø i to timar akkurat det som skal til

Nytt stand up-show

I eit intervju med NTB har forfattaren uttalt: – Det ser ut til at boka treffer både dei som elskar å gå tur, eller i alle fall påstår at dei gjer det, og dei som hatar det. Noko som kanskje viser at folk både liker å få stadfesta sine eigne oppfatningar, og å lese om seg sjølv. Det kan vere ei tynn linje mellom sjølvironi og sjølvdigging.

«Hyttebok frå helvete» har òg gitt tittel til Kalvøs nyaste stand up-show. Til hausten blir det framleis skråblikk på nordmenn sitt forhold til friluftsliv – frå scena: Minst 45 framsyningar, mellom anna i Trondheim, Bergen, Ålesund, Trondheim og Oslo, står for tur. (©NPK)