mm

Eg hadde eigentlig mista interessen. Det er jo ærlig talt ikkje veldig spennande når Norge ligg eit minutt framfor neste lag før Marit Bjørgen har begynt å gå. Og vi veit jo at dette ikkje akkurat er ein verdensidrett. Det er ein grunn til at det engelske namnet på Lahti-VM er Nordic World Ski Championships. Det einaste laget som var nær å komme nær dei nordiske landa på kvinnestafetten, var USA, med ein løpar som heiter Bjornsen på laget.

Jada jada jada.

Og eg trudde også at eg var ferdig med dette. Det er ikkje som før. Northug er ikkje verken like god eller like komisk som før. Det er ikkje det same. Og det er i alle fall ikkje slik det var for skikkelig lenge sidan, då alt stoppa opp under ski-VM. Gatene var tomme. Ingen telefonar blei tatt på nokon kontor. No er det fullt mulig å gå gjennom eit norsk bysentrum midt under tremila og det ser ut som ein heilt vanlig dag.

Og eg trudde eg var ein del av dette. La knapt merke til at ski-VM hadde begynt. Kunne ikkje det fulle namnet på meir enn maks to mannlige norske skiløparar. Registrerte med eit halvt auge at det var mykje grinande folk i trikot på nettet. Det var det.

Men så sette eg meg ned ein dag denne veka, og såg på ski-vm. Det var eit eksperiment. Nei, la oss seie det som det er. Eg kjeda meg. Og begynte å følgje med. Det skal idrett ha. Viss du først bestemmer deg for å følgje med, er det ikkje vanskelig å bli hekta. Og eg klarte det. Og så hugsa eg kva som var så fint med dette.

Det fine er å skru av alt anna i ein time eller to eller tre, og etterpå finne ut at i løpet av denne timen eller to eller tre, så har det skjedd noko som du har gått glipp av, og det er heilt i orden. Eg trur fleire kunne hatt godt av ein sånn time eller to eller tre no og då. Og det må ikkje vere ski-VM, sjølvsagt. Kva som helst dug. Cricket-VM. Bakst. Ein spasertur. Ein roman i ein stol. Noko anna, som gjer at du ikkje følgjer med, og som gjer at du går glipp av noko, og finn ut at det er heilt i orden.

Kanskje oppdagar du for eksempel, når stafetten eller spaserturen er over, at Sylvi Listhaug har sagt noko sjølvrettferdig på ein kristen konferanse. Og du er kanskje normalt av typen som ville kommentert dette. Spydig, kanskje. Eller med moralsk harme. No rakk du det ikkje. Og det er heilt greitt. Alle vennene dine veit likevel kva du meiner og korleis du meiner det, og alle veit også at det einaste Listhaug vil, er å få sånne som deg til å bli spydige eller moralsk harme. 

Kanskje oppdagar du, etter at alle er i mål og ein andpusten trønder har helst heim, at nokon har sagt noko om at gutar har blitt taparane i skule og utdanning. Og kanskje er du normalt av typen som nyttar eit kvart høve til å seie noko nedsettande om kvinnekampen og/eller noko om ein pendel. No rakk du det ikkje. Og det er heilt greitt. Det er ingen som treng det. Alle veit kva du meiner og korleis du meiner det. Du har meint det før. Mange gonger. 

Kanskje har nokon skrive eit debattinnlegg om noko, og brukt skikkelig tøffe ord, og no sitt dei berre og ventar på at folk skal bli sinte. Men så blir dei berre sittande.

Vi må ikkje seie alt vi meiner om alt kvar einaste gong, spesielt ikkje når vi meiner det same som sist, på same måte som sist. Vi kan ta ein pause, lære oss noko om noko heilt anna enn det som tilfeldigvis blir diskutert akkurat no, gå på pub midt på dagen, og la dei provoserande få halde på og provosere ut i lause lufta. Det er uansett det verste dei veit.

Det er ikkje lett. Det er ikkje det eg seier. Men det går heilt greitt.

Eller kanskje oppdagar du berre, etter medaljeseremonien, at det har vore ei dum toppsak i ei nettavis. Kanskje er du normalt av typen som tek bilde av slikt og legg det ut og seier noko om at dette er det vi er opptatte av medan det er krig i verden. No rakk du det ikkje. Det er heilt greitt. Det finst viktigare ting å drive med enn å påpeike at det finst viktigare ting å drive med.

Det er trass alt krig i verden.

Og ski-VM. 

LES OGSÅ: Are Kalvø: Hei! Kunne du tenke deg ein håplaus jobb?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE