Are Kalvø meiner fjellheimen er oppskrytt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kagge forlag karakteriserer boka som ein studie av den nasjonale lovprisinga av friluftsliv og ei undring over den svekte sansen til friluftsfolket for humor.

Med litt alternativ turproviant prøver Are Kalvø å få til eit snev av turglede. Foto: Kagge Forlag

Med litt alternativ turproviant prøver Are Kalvø å få til eit snev av turglede. Foto: Kagge Forlag

Første fjelltur på 30 år

Sjølv fortel Kalvø at han dei siste åra har «mist mange venner til naturen». For å finna ut kva han går glipp av, bestemmer han seg for å leggja ut på den første fjellturen sin på tretti år.

Tanken var ifylgje forlaget å gå med eit ope sinn og la seg riva med. Men det gjekk ikkje heilt som planlagt. Og det handlar ikkje om at Kalvø ikkje likar å gå.

– Å gå er noko av det eg likar aller best. Eg går kvar dag. Langt. Så det er ikkje det. Men eg går på feil måte. Eg likar best å gå på plassar der det er folk. Og gjerne også kelnerar, forklarer forfattaren.

Les også: Are Kalvø: «Sjukt lykkelig»

Turné frå Kristiansand til Trondheim

I samband med lanseringa av boka, skal han også ut på turne. Fram til 1. desember skal han innom 35 stader frå Kristiansand i sør til Trondheim i nord.

Den alternative hytteboka er også seld til Sverige, Danmark, Tyskland og Nederland.