Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg mista Noreg plassen som verdas mest lukkelege land. I FN-kåringa, er no både finnane og danskane meir lukkelege enn nordmenn.

– Sjølv om alt ligg til rette for at ein skulle vera lukkeleg, så er det ikkje sikkert at ein kjenner seg lukkeleg, seier Malene Alfredsen, Håkon Gjerde og Astrid Jacobsen Hilt.

Elevane på Bømlo vidaregåande har dei siste månadene forska på kva som gjer oss lukkelege gjennom prosjektet Holbergprisen i skolen.

– Det er ikkje éin stor fasit for kva som gjer oss lukkelege. Men det viktigaste er at ein har nokon rundt seg. Det handlar om sosiale relasjonar, seier Astrid Jacobsen Hilt.

– Set pris på det du har!

Ifølgje ei britisk undersøking er menneske lukkelegast når dei er 17 og 70 år.

Det er stor forskjell på ungdom og eldre, ifølgje dei unge forskarane. Eldre set familien som viktigast, medan ungdom også er opptatt av venner, og materielle ting betyr også meir.

Ungdommane synest det er viktig å setja pris på det ein har.

– Når du har det bra, så tenkjer du ikkje så mykje på det – det er ikkje sikkert ein set så mykje pris på at ein har det bra, seier Malene Alfredsen.

– Når dykk seier at sosiale relasjonar er viktig. Korleis byggjer ein det?

– Gode relasjonar må byggast over tid. Og så må det klikka på plass også, seier Malene Alfredsen.

– Eit generelt råd kan vera å vera positiv og imøtekomande, og akseptera andre utan fordommar, seier Håkon Gjerde.

Astrid Jacobsen Hilt, Malene Alfredsen og Håkon Gjerde meiner det er sosiale relasjonar som er viktigast for kor lukkelege me kjenner oss. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Dårlege karakterar er ikkje verdas undergang!

Måten ein ein taklar nederlag og det som ikkje er så kjekt påverkar òg lukkekjensla.

– Når du finn metoden som passar for deg, så kan det vera til hjelp. Til dømes viss du får ein dårleg karakter, så treng du ikkje tenka at det er verdas undergang, seier Malene Alfredsen.

– Det handlar mykje om tankane dine. Kva som hjelper deg kan variera, seier Håkon Gjerde.

Les også meiningsinnlegget: Karak­ter­press: – For jusstu­denter, av jusstu­denter

– Fortener kritikk

Ungdommane meiner influencarar er med på å påverka.

– Alle har positive og negative sider. I det siste har det vore mykje debatt om det negative som bloggarane og influencarane legg vekt på, seier Astrid Jacobsen Hilt.

Ungdom samanliknar seg med bloggarane. Men Malene, Håkon og Astrid tvilar på at det er særleg til hjelp for dei som følgjer dei at bloggarane fokuserer på det negative.

– Eg synest det er heilt greitt at Sophie Elise får kjeft. Når du har så stor stemme, så bør du tenkja meir grundig over kven du er. Det blir feil når ein kombinerer personlege innlegg med rabattkodar for ditt og datt under. Hadde ho delt meir av dei meir positive tinga, så hadde eg hørt meir på ho, seier Astrid Jacobsen Hilt.

Sjølv om det kan vera mykje drit i sosiale medium, så har sosiale medium også mykje positiv med seg, meiner ungdommane.

– Det gjer det lettare å halda kontakten med fleire, seier dei i kor. Astrid og Malene har to venninner som er i USA på utveksling som dei kan snakka med kva tid dei vil.

Les også meiningsinnlegget til Linn Eielsen som spør: Er det for mykje press på vidaregåande-elevar?

Frå: L-innsikt.