Rapport: Finnar er lykkelegast, nordmenn på tredjeplass

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten World Happiness Report vart kunngjort onsdag. Kåringa er basert på spørjeundersøkingar Gallup har utført i åra 2016–2018. Nærast dei tre øvste landa på lista følgjer Island, Nederland, Sveits, Sverige, New Zealand, Canada og Austerrike.

Kor mykje kan du om lykkelege Finland? Test deg sjølv her!

India dreg ned lykkesnittet i verda

Rapporten tar for seg korleis utviklinga har vore sidan denne undersøkinga vart gjort for første gong i 2005/2006. Det har vore ei positiv utvikling på nasjonalt nivå, men viss ein tar omsyn til befolkningsvekst, har lykka i verda falle dei siste åra. Det kjem mellom anna av ein vedvarande, nedovergåande trend i folkerike India.

Blant dei 20 landa som meiner dei har vorte lykkelegare dei siste tolv åra, finn vi ti i Sentral- og Aust-Europa, fem i Afrika sør for Sahara og tre i Latin-Amerika.

Dei ti landa som opplever størst nedgang, er typisk ramma av økonomiske, politiske eller sosiale problem, blant dei Jemen, India, Syria, Botswana og Venezuela.

Les også: På lista over dei 50 byane i verda som har dårlegast luftkvalitet er 25 byar indiske og 22 kinesiske

Avhengnad pregar USA

I rapporten tar professor Jeffrey Sachs også for seg korleis avhengnad i ulike former bidrar til å gjere befolkninga i USA ulykkeleg. Landet er i år på 19.-plass i kåringa.

– Rapporten gir eit edrueleg bilde av korleis avhengnad fører til ein betydeleg del ulykkelege i USA. Avhengnad kjem i mange ulike former, frå stoffmisbruk til gambling og digitale medium, seier Sachs.

156 land er med på lista i rapporten.