Vekas musikktips: Er dette årets pop-låt i 2019?

Jon Olav Sandal
Publisert
Oppdatert 27.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vekas nykomar

Billie Ellish – bury a friend

Skal eg vere heilt ærleg, trudde eg aldri at eg skulle skrive om Billie Ellish. Det er litt fælt å seie det, men eg har alltid tenkt at ho er ein av dei kommersielle artistane frå statane som ikkje er noko særleg verdt å sjekke ut. Men – dæven så feil eg tok. Det er fryktelig tidleg på året for å seie noko om det, men eg spår at «bury a friend» er ein kandidat for årets pop-låt i 2019.

Låta har nokre av dei same kvalitetane som Childish Gambino sin «This Is America», som kanskje er 2018 sitt beste bidrag til den musikalske oasen. Reint musikalsk er ikkje dei veldig like, men dei er uforutsigbare og dei mistar aldri merksemda mi.

Dæven så feil eg tok

«bury a friend» trigger noko i meg frå første stund. Det dunkle lydbilete er spennande og eg finn nye ting å lytte til for kvar gong eg høyrer låta. Den får meg til å føle. Eg veit ikkje heilt kva følelsen er og det er veldig vanskelig å sette ord på akkurat kva det er som gjer det. Det er nesten som om den aktiverer eit område i hjernen som utløyser ein følelse.

Det er ikkje mange låtar som får dette til, men det er veldig deilig når det skjer.

Vekas gæmlis

Beck – Morning Phase

Eg klarer ikkje velge berre ei låt i frå det niande albumet til Beck. Derfor anbefaler eg denne veka heile albumet «Morning Phase». Eit meisterverk for dei som er oppteken av godt produserte album med gode låtar. For dei som er litt nerdete når det gjeld lyd, er dette albumet eit must. Flotte strykearrangement er det også mykje av.

Det einaste negative ved albumet er at mannen bak albumet er scientolog

Plata har ein gjennomgåande draumande karakter og nokre av låtane bikkar nesten over til å vere dramatisk, og kunne like gjerne vore filmmusikk i ein film noir. Låta «Wave» er eit perfekt døme på den litt dramatiske karakteren som glimtar til på plata. Men for å kompensere for det dramatiske tek han det også heilt roleg innimellom

Balansert er eit godt ord som passar veldig bra til heile albumet. I lange periodar har dette vore eit av mine favorittalbum og eit av dei eg anbefaler oftast til andre musikkinteresserte.

Det einaste negative ved albumet er at mannen bak albumet er scientolog. Det er nok snevert av meg å tenke slik, men det gir ei lita ripe i lakken, til det elles svært plettfrie albumet.

Vekas Spådom

Karpe Diem – Snøhvit

Å kome utanom Karpe er umulig når ein skal spå kva vi kjem til å hugse frå norsk musikk om femti år. Det er heller ikkje berre snakk om ein song som vil bli lagra i hukommelsen. Alvorleg mykje av låtkatalogen vil nok bli hugsa om 50 år. Godt hugsa. Men for å unngå ein av dei meir opplagte som «Toyota’n til Magdi», så vil eg drage fram «Snøhvit» som ein eg trur vil halde seg godt i mange tiår.

Kanskje mine barnebarn vil gå rundt å nynne på den i framtida også

Låta startar med eit strykearrangement som er vanskelig å gløyme og det er det som definerer mykje av songen. Det er eit sånn type element som blir einstydig med akkurat den songen. Om nokon prøver å gjer liknande på andre songar vil dei ha det vanskelig for å ikkje bli skulda for å kopiere Karpe. Likevel er det ikkje det som limar seg best frå «Snøhvit».

Det er linja «Jeg kaller deg Snøhvit, jeg kaller deg sola. Leppene for rødvin, eple for heroin og cola» som eg hugsar best. Eg har ingen aning om kvifor, men Magdi har trengt seg inn i hugsen min med den linja. Eg trur kanskje det er den linja i frå Karpe som oftast dukkar opp i hovudet mitt. Kanskje mine barnebarn vil gå rundt å nynne på den i framtida også. Eg håpar det.

Her finn du fleire musikktips frå Jon Olav.