DNT forventar storinnrykk av hytteturistar i påsken
Dei siste fem åra har Den Norske Turistforening hatt 19 prosent auke i overnattingar på hyttene sine.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Påsken for mange er einstydande med snødekte vidder, solfylte fjellsider og fine ettermiddagar i hytteveggen. Og vi kan roe fjellfolket, det er nok snø i fjellet i år og, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT).
Foreininga lovar klassisk påskestemning for alle som drar til fjells.
– 4.300 km med skiløyper blir kvista og rundt 550 hytter over heile landet blir gjort klare til storinnrykk, seier Solvang.
Les intervjuet med den nye DNT ung-leiaren: – Vil at mine barnebarn skal få oppleve gleda av urørt natur

Generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang. Foto: Marius Dalseg Sætre/DNT
Overnattingsrekord
Overnattingstala til DNT frå 2018 vitnar om at hyttetilboda er populære. På fem år har DNTs hytter hatt ein auke i talet på overnattinger på 19 prosent, og i fjor opplevde foreininga ein vekst på 8.500 overnattingsdøgn. Dette er ny rekord.
Sjølv om påsken kjem seinare enn i fjor, trur generalsekretæren at folk framleis vil nytte sjansen til lange, solrike dagar i fjellet.
– Det er liten tvil om at hyttetur i påsken framleis er ein tradisjon som står sterkt. Våre betente hytter på fjellet melder om stor pågang og mange telefonar no i dagane opp mot påske, seier han.

Vintertur over Hardangervidda er ein klassikar. Biletet er frå etappen mellom Kalhovd, Helberghytta og Rjukan. Foto: Marius Dalseg Sætre/DNT
Lover snøsikker påske
Trondhjems Turistforening har seks betente hytter i Trollheimen og Sylan, og det blir rapportert om rikeleg med snø i heile området.
– Med dette langtidsvarselet går det mot draumepåske! Snøen er fast og fin, og ein kan nærast gå over alt i terrenget. Det er 3 centimeter med nysnø på toppen i Trollheimen, medan Sylan har 10, fortel informasjonssjef Jonny Remmereit i Trondhjems Turistforening.
DNT Oslo og omegn har hytter og ruter på Hardangervidda, Skarvheimen, Jotunheimen, Breheimen, Rondane, Dovre, Femundsmarka og Langsua. Der blir det også meldt om gode påskeløyper.
Les også: DNT ung lanserer regnbogelue og singeltreff for skeive

Generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, likar den nye regnbogelua. Foto: DNT