DNT ung lanserer regnbogelue og singeltreff for skeive

For fem år sida lanserte DNT ung grøne og raude sivilstatusluer som ein spøk. No vil dei gjere friluftslivet enno meir inkluderande.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DNT ungs landsstyre har på seg dei nye regnbogeluene. Foto: Natalie Hermansen/DNT ung

– Lua skal gi eit tydleg signal om at alle er velkomne i naturen, uavhengig av identitet, kjærleik og seksuell legning, seier nyvald leiar i DNT ung Markus Malmin i ei pressemelding.

Hovudplagg med fargar som signaliserer sivilstatus starta som ein aprilsnarr, men vart fort ein slager til fjells.

No lanserer DNT ung ein meir inkluderande versjon av den grøne singellua.

I fjor blei Den Norske Turistforening Ung utfordra på at dei berre arrangerte singelturar for dei som fell innanfor dei tradisjonelle normene, difor har dei òg bestemt seg for å arrangere singelturar for skeive under fjellfestivalen Vinjerock i år.

Les også: «Bygdehomo» vender heim til Bygdepride