Øya Sakhalin bidrar til at Russland er verdas største oljeprodusent. Men kvar er alle oljebarna? 

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 01.02.2018 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På denne lille øya er ungdomskriminaliteten høgst i Russland

— Du skal ikkje til Sakhalin, men Yuzhno-Sakhalinsk, seier den unge kvinna bak disken, med eit særleg trykk på insk. Ho ser skarpt på meg frå den andre sida av bagasjedisken.

Eg har mellomlanda i St. Petersburg og fortalt at eg skal lande på Sakhalin. Eg har samtidig notert meg at bortimot alle dei tilsette på russiske flyplassar er kvinner. Det gjer ikkje servicen noko betre, tvert imot verkar dei tilsette strenge. Somme står til og med og kranglar høglytt med reisande.

Gjennomsnittleg månadsløn på Sakhalin var i 2015 på 6.500 kroner. Dei aller fleste lever i fattigdom, trass i olja som vart oppdaga for over 20 år sidan. Foto: Elise Løvereide

Kvinna riv av bagasjelappen på kofferten min, set på nye lappar og gir meg boardingkortet med ei irritabel mine. Eg lar ikkje stereotypien om at russarar er skumle feste seg heilt enno, trass i at ei dame ved sidan av meg på flyplass-restauranten sit og hysjar så høgt på den gråtande babyen sin at eg kvepp. Dette er verkeleg eit annleis land, tenker eg.

Flyet til Sakhalin tar ni timar frå hovudstaden. Det er ein stor Airbus-maskin køyrd av Aeroflot, og flya er fulle på sine daglege avgangar mellom Yuzhno-Sakhalinsk og Moskva. Det er mange, med tanke på at Stillehavsøya husar knappe 487.000 menneske.

Russarane har sin eigen type kiosk. Denne sel kaffi og te og ligg i sentrum av Yuzhno-Salhalinsk. Foto: Elise Løvereide

Kamp om eigarskap

Ved første augneblink er det mykje ved Sakhalin som minner om den erketypiske førestillinga av Russland: Høg fart på vegane, pelsklede, det faktum at damene fargar håret raudt etter ein viss alder. Stillehavsøya ligg 6,353 kilometer frå Moskva, og trass i den synlege russiske kulturen er det ikkje til å unngå at Sakhalin er farga av si asiatiske plassering.


Grensesteinen som skilte det russiske og det japanske området på Sakhalin. Denne sida av steinen viser til russisk territorium. Foto: Elise Løvereide

Etter Japan sitt harde nederlag i andre verdskrig vart øya tilbakeført til Russland. I 200 år har dei to landa kjempa om Sakhalin, eller som øya heitte på japansk: Karafuto. Slaget er enno ikkje tapt, spør du styresmaktene i Japan. For ifølge japanske kart skal Sakhalin den dag i dag vere omtala som «ingenmannsland.»

På 1800-talet vart Sakhalin delt i to, med ein japansk del og ein russisk del. Etter at øya vert heilrussisk i 1945 blei dei 400.000 japanske bebuarane tvangsflytta, og russarar blei tilsvarande tvangsflytte til øya frå det russiske fastlandet. Koreanarane, dei som arbeidde i kullgruvene, måtte bli, og utgjer i dag om lag 12 prosent av innbyggjarane.

Russiske koreanarar utgjer 12 prosent av innbyggjartalet på Sakhalin. Foto: Elise Løvereide

Tidlegare fengselsøy

Sakhalin er ingen turistmagnet. Øya er relativt ukjent, og det er lite informasjon å finne på nett – trass i øya si noko spesielle historie. Mellom 1868 og 1905 vart Sakhalin nytta som høgtryggleiksfengsel for russiske fangar. På museet i Yuzhno-Sakhalinsk, som held til i det einaste japanske bygget som er att på øya, kan ein sjå fotografi frå tida kor fangane blei frakta over frå det russiske fastlandet.

Kriminalitet er dog eit kjent fenomen den dag i dag. Ungdomskriminaliteten er høgare på Sakhalin enn nokon annan stad i Russland. Politi og militære glimtar med sitt nærvær i gatene, og i den største byen er det heile tre fengsel. Og sjølv om militærbasar er å sjå overalt – dei er enkle å sjå med sine kvite murgjerde – er bygga dei held til i like falleferdige som bygningane på resten av øya.

Yuzhno-Sakhalinsk, Russland.

Eit hotell i sentrum av Yuzhno-Sakhalinsk. Foto: Elise Løvereide

Er Russland eit i-land?

Når vi køyrer gjennom Yuzhno-Sakhalinsk, til vestsida og mot hamnebyen Kholmsk, og austover til den andre hamnebyen Korsakov, slår det meg kor nedslite og fattig alt ser ut. Rundt i gatene står laushundar og bjeffar på kvarandre. Er Russland i det heile tatt eit i-land, undrar eg mens eg ser falleferdige bygningar i lag med bittesmå hus med øydelagde tak.

Dei slitte blokkane er forsøkt piffa opp med krasj-fargar som i grunnen gjer det heile verre. Russarane eig no sine eigne leilegheiter, men bedriftene som har ansvar for vedlikehaldet på bygga ser i stor grad ut til å hauste pengane meir enn å gjere arbeidet. Det er merkverdig at byane ser så fattige ut, med tanke på oljen som vart oppdaga utanfor Sakhalin i 1994.

Yuzhno-Sakhalinsk, Russland.

Ei bustadblokk i Yuzhno-Sakhalinsk. Foto: Elise Løvereide

Oppdaga olje

Rett etter oppdaginga av olje byrja det Shell-leia prosjektet Sakhalin 2. Tusenar av folk kom tilreisande for å arbeide i sektoren. Fem år seinare eksporterte Russland den første olja frå Stillehavsøya, som er estimert til å ha 1200 millionar fat olje i nærleiken.

Russland er verdas største oljeprodusent, og Sakhalin er ein stor del av denne.

Sakhalin Energy er størst, men fleire internasjonale selskap har også kontor på øya – inkludert Exxon og Shell, men også russiske Gazprom. Serviceselskapa er dessutan sterkt representerte. Olje- og gassverksemda har sidan starten vorte kritisert for miljøkriminalitet og for å utgjere fare for det rike dyrelivet på øya.

Jordbærsal på ein liten marknad i Yuzhno-Sakhalinsk. Foto: Elise Løvereide

Oljebarna

Trass i over 20 år med oljeutvinning, har ikkje bustandarden betra seg nemneverdig. Vegane er heller ikkje mykje å skryte av.

Sjølv er eg eit oljebarn frå Stavanger – kvar er alle oljebarna her? Eit internettsøk syner at gjennomsnittleg månadsløn på Sakhalin i 2015 var på 6540 kroner. Ein oljearbeidar kan tene ti gongar så mykje som dette, somme tener opp til 80.000 kroner kvar månad. Noko klassesamfunn er likevel vanskeleg å få auge på.

Lause hundar er eit vanleg syn på Sakhalin. Denne valpen ligg utanfor ein matbutikk i sentrum av byen Korsakov. Foto: Elise Løvereide

Dei utanlandske oljearbeidarane bur ofte inngjerda i finare bygg utanfor byen, men dei er få. Styresmaktene krev at minimum 80 prosent av dei tilsette i oljeselskapa skal vere russiske statsborgarar, men dei fleste av desse bur sannsynlegvis på fastlandet. Eg har ein mistanke om at det er dei fem plattformene rundt Sakhalin som fyller opp flya til Moskva kvar dag.

Hus står falleferdige, og dette skipsvraket, som ligg på den flotte stranda i Kholmsk, er forsømt. Foto: Elise Løvereide

Kontrastar overalt

Bygga på Sakhalin er som sagt ikkje mykje skryte av. Med eitt unntak: kyrkjene. Den største er utstyrt med gullfarga løkkuplar og svært hageparti. Rett bak ligg Heltanes park med radar av krigsstatuar. Litt lenger borte står ein statue av ei stridsvogn.

Den største kyrkja i Yuzhno-Sakhalinsk ligg rett framfor Heltanes park. Dei fleste innbyggjarane er russisk-ortodokse, ateistar eller sprituelle. Foto: Elise Løvereide

Lenin sitt andlet er synleg overalt. Rett ved vegen står ein diger statue av ham, og fjeset hans er måla på veggar rundt omkring, ofte saman med årstala 1905 og 1917 – åra for dei russiske revolusjonane.

På ein solfylt sommardag er leikeplassane og parkane stappfulle. Gagarin-parken, oppkalla etter den første mannen i verdsrommet, Jurij Aleksejevitsj Gagarin (1934-1968), er ein nydeleg park der barnefamiliar har strøyma til. Dei veit å utnytte sommartemperaturen, for på Sakhalin er det stort sett kaldt – temperaturen kan bli så lag som 54 minusgradar.

 

 

Lenin i Yuzhno-Sakhalinsk, Russland.

Hyllester til Lenin kan ein sjå fleire plassar. Fjeset hans prydar både husveggar og gjerde. Foto: Elise Løvereide

Ei lengsle

Eg får ei kjensle av at alle krigsstatuane, hyllesta til historia, til Gagarin, til Lenin – er ei lengsle etter eit Russland frå den tida landet hadde makt. Som med andre ikkje-vestlege land blir kulturen deira stadig meir globalisert. Russiske songar konkurrerer med vestlege pop-låtar på radioen og kjøpesenteret kjempar ein kulturkamp på dei vestlege sine premissar.

Gagarin-parken i Yuzhno-Sakhalinsk, Russland.

I Gagarin-parken, oppkalla etter den første mannen i verdsrommet, står fleire krigsstatuar og byster av heltar. Ved sida av har folk lagt ned blomar og tent lys.
Foto: Elise Løvereide

Kjem ein litt inn på folka, er dei hyggelege. Og langt frå skumle.

Russarane verkar stolte, men til ein viss grad også misnøgde. Dei aller fleste lever i fattigdom og kjenner på eit svekka moderland. For eit oljebarn frå Stavanger – ein by i eit land som har nytta oljerikdom til felles gode – er kontrasten stor. Spørsmålet som går igjen og igjen, er: kvar går oljepengane? Svaret er sannsynlegvis ikkje rett framfor meg.

 

Fakta: Sakhalin oblast

  • Øy i Russland med 948 kilometer
  • Sakhalin er den mest austlege delen av Russland og ligg rett over Japan
  • Russarane oppdaga øya på 1600-talet, men urfolk som Ainu og Nivkh har budd der i fleire tusen år
  • Har 487,000 innbyggjarar, største by er Yuzhno-Sakhalinsk
  • Oljefelt vart oppdaga i 1994 og i dag er det stor olje- og gassverksemd på Sakhalin
  • Eit jordskjelv på 7,5 på Richters skala råka byen Neftegorsk i 1995 og drap 2000 menneske
  • Den forventa levealderen er 68,7 år, for menn er han berre 61,4 år.