Fiskeriministeren har svart chilensk urfolksgruppe

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Harald T. Nesvik (Frp) skriv til leiaren for yaganerane at kong Harald har lese brevet han fekk av demonstrantar sør i Chile.

Urfolksgruppa vil stanse laksenæringa og seier ho øydelegg miljøet i området.

– Destruktiv industri

– Vi, yagan-samfunnet, det sørlegaste urfolket i verda, vil gi dykk dette brevet fordi vi i tusenvis av år har brydd oss om miljøet på denne sørlege staden, skriv dei.

I brevet vender dei seg direkte til kongeparet.

– Vi ber om at de kan bestemme å ikkje innføre denne destruktive industrien, lakseoppdrettsnæringa, i kanalane våre og territoriet vårt, skriv dei.

Les om bakgrunnen for demonstrasjonen: – Vi er her fordi dette er territoriet vårt. Her har vi vore i 7000 år. Vi demonstrerer fordi ingen lyttar til oss.

FN-mål

Nesvik opnar med å seie at han er samd i at vi må ta vare på naturen og hava. Deretter går han rett over til FNs berekraftsmål og påpeikar at matsikkerheit – altså tilstrekkeleg forsyning av mat – er ein del av desse måla, i tillegg til berekraftig forvalting av hava.

Han påpeikar at 5 prosent av maten i verda kjem frå havet og FNs landbruksorganisasjon har sagt at meir av maten i framtida må komme frå mellom anna fiskeoppdrett.

Deretter påpeikar fiskeriministeren det same som han sa etter at han og kongeparet vart møtt av demonstrantar under statsbesøket i Chile dei siste dagane.

Les også: Her blir fiskebæsj til grønsaker, utan utslepp

– Forventar at dei følgjer reglane

– Det er den suverene retten til chilenske styresmakter å fastsette lover og reguleringar for oppdrettsnæringa i Chile, og dessutan avgjere kva for område som skal opnast for næringa, skriv Nesvik.

Han seier at verken han eller kongen dermed har nokon autoritet til å påverke dette.

– Men i møte med norske leiarar som har verksemd i Chile og andre land, gjer eg det klart at eg forventar at norske firma i utlandet følgjer reglane der dei er. Eg forventar òg at norske bedrifter i utlandet er bevisst ansvaret dei har overfor naturen og samfunnet der dei er aktive, avsluttar Frp-statsråden.

Les også om søstrene Elle Márjá og Mai-Lis Eira som har laga film om kraftutbygging og reindrift: Med filmen «Samene har rett» vil reindriftssystrene visa stoda i dag

Filmen avsluttar med ein hyllest til moderne samiske heltinner. Elle Márjá Eira er andre frå venstre. Foto: Ken Are Bongo