Elevar med interesse for realfag får permanent tilbod

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talentsentera har levert eit tilbod som er imponerande i kvalitet og omfang, konkluderer evalueringa av tilbodet.

– Talentsentera inspirerer og løfter elevar som har stor interesse for matematikk, naturfag og teknologi. Vi gjer no denne prøveordninga permanent, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Skal løfte realfagskompetansen

Sentera blei etablert i 2016 og har avdelingar i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Det er Norsk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) som har evaluert sentera. Tiltaket er ein del av regjeringa sin strategi for å løfte realfagskompetansen hjå barn og unge.

Målet med sentera er å gi elevar med stor interesse og kompetanse større utfordringar og skape nettverk med andre som beherskar realfag på avansert nivå.

Tilbodet er for elevar frå 7. trinn til andre året på vidaregåande opplæring. Satsinga med dei fire sentera utgjer 8 millionar kroner årleg.

Les også reportasjen om Martin Kuntze (25) som arbeider hjå forskningssenteret CERN:
– Eg starta med eit mål om å bli elektrikar, og hadde ikkje i min villaste fantasi lagt nokre planer om å jobbe her:

Martin N. Kuntze testar ein overvakingsmodul til ein av de nye SVC-anlegga på eitt av laboratoria. Foto: Privat