«Hadde miljøpolitikken vore ei skuleoppgåve hadde regjeringa fått stryk»

Gaute Eiterjord, leiar Natur og Ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Så lenge eg har levd har politikarne visst om klimakrisa. Dei har visst kor farleg den er, og kva som trengst for å løyse han. Likevel har dei unnlate å handle.

Me vil ikkje lenger stå å sjå på dette generasjonssviket og at regjeringa stel framtida vår! Me er lei handlingslamma politikarar, og derfor er me nå millionar av unge som seier frå over heile kloden.

Hadde miljøpolitikken vore ei skuleoppgåve hadde regjeringa fått stryk. FNs klimapanel seier me må halvere utsleppa innan 2030. Regjeringa vil kutte knappe 12 prosent. Det er dei som skulkar unna, ikkje oss!

Det er dei som skulkar unna, ikkje oss!

Etter me sette i gang desse streikane sa regjeringa at dei ville invitere oss til klimatoppmøte for å få innspela våre. Ærleg talt, det er ikkje fleire møte som trengst for å løyse klimakrisa! Det er fleire tiltak. Teknologien og tiltaka for å løyse klimakrisa finst. Det er berre vilja og prioriteringsevna dokkar det står på!

Det har vore nok møte kor unge får høre «det er bra dei er engasjert» mens politikarane ikkje gjer noko endring av kursen som tar oss stø kurs mot klimakatastrofe.

FNs klimapanel seier me har eit par år på oss å snu utviklinga og få utsleppa ned. Noreg er eit av dei einaste landa i Europa med høgare utslepp nå enn i 1990. Regjering etter regjering har utsett problemet. Og dei pøser på med meir av feil medisin.

Førre torsdag, same dag som 4000 ungdommar var samla på Torgallmenningen i Bergen, ga regjeringa 90 nye løyve til oljeleiting. Er Erna Solberg noko betre enn ein klimafornektar når ho handlar som om klimakrisa ikkje er ei krise?

Regjering etter regjering har utsett problemet. Og dei pøser på med meir av feil medisin

Det er på høg tid å seie nei til oljeletinga. Me kan ikkje leite etter meir, når alle klimaforskarane seier me har funne for mykje. Stans oljeleitinga, og start omstillinga av økonomien vår! Noreg er for oljeavhengig, og skal me som er unge ha både eit klima og eit velferdssamfunn i framtida så må me ha nye klimajobbar som ikkje koker kloden.

Og så vil eg seie ein siste ting til dokker som er her i dag: Dette massive engasjementet er nødt til å fortsette! La dette bli den første av mange dagar kor me seier ifrå at me er lut lei av politikarar som øydelegg framtida vår!

Organiser deg, bli med i ein miljøorganisasjon eller eit ungdomsparti, bruk røysta di i elevrådet og snakk med foreldre og vaksne om at dei må ta ansvar. Delta i val. Me kan alle gjere ting sjølv i våre eigne liv, men ansvaret ligg hos dei me har valt til å styre! Det er dei som har skapt desse problema, og dei må løyse dei!

Den rørsla me har skapt her i dag skal forandre verda, og me gir oss ikkje! Dette er berre byrjinga. Takk for meg!

Les også meiningsinnlegget til Henrik Engevik Hatlevik i Stord Unge Høgre: «Når elevane streikar går det ikkje ut over nokon andre enn dei sjølv»