No kan du bli astrolog med støtte frå Lånekassen

Ønsker du å lære deg å lese stjernehimmelen og tolke horoskop? Det kan du snart gjere med lån og stipend frå Lånekassen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Astrologiskolen Herkules har no fått godkjent fagskuleutdanninga si i astrologi etter ein over fem år lang søknadsprosess, melder Morgenbladet.

Astrologi er ifølgje Store norske leksikon «læren om forestilte forbindelser mellom himmellegemene og jorden».

Målet med astrologiutdanninga er å gi «grunnleggende forståelse for horoskoptolkning». Det godkjente grunnkurset skal starte opp i Oslo i 2020, og skal kunne følgjast opp av ei todelt profesjonsutdanning.

Til Morgenbladet stadfestar Nokut – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – som har ansvar for vurdering og godkjenning av høgare utdanning i Noreg, at utdanningstilbodet har vorte godkjent. Dermed kvalifiserer studiet til lån og stipend i Lånekassen.

– Det oppfyller krava til akkreditering slik dei er forma ut i lov og forskrift, seier seksjonssjef Helén Sophie Haugen i Nokut til Morgenbladet.

Sjølv om fagskuleutdanning er definert som høgare utdanning, har ikkje fagskulane krav om å basere seg på vitskap.

Då Stortinget vedtok den nye fagskulelova i mai i fjor, vart det slått fast at fagskuleutdanninga skulle gi «kompetanse som kan tas i bruk i arbeidslivet uten ytterligere opplæringstiltak», men Nokut fekk ikkje innfridd ønsket sitt om skjerpte krav til yrkesrelevans, ifølgje Morgenbladet.