Melder om rekorddeltaking i 8. mars-tog
Det var venta at abortsaka ville føre til stort oppmøte på markeringa av kvinnedagen i år. I Oslo vart det sett ny rekord i 8. mars-toget med 14.000 deltakarar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den førre rekorden vart sett i 2014. Då var kampen mot reservasjonsretten det viktigaste stridstemaet, og 11.000 møtte opp på Youngstorget, skriv Klassekampen. Sist fredag kom det altså 3.000 fleire.
– 14.000 i gatene gjer dette til det største 8. mars-toget gjennom tidene. Dette er eit politisk jordskjelv, seier leiar av Raudt Alna/Stovner Arne Rolijordet.
Han har lang erfaring med å telje folk i tog og synest oppmøtet minte om eit stort 1. mai-tog.
– Det var mange fleire grupper som deltok enn tidlegare. Kristne, innvandrarorganisasjonar og Miljøpartiet Dei grøne, seier Rolijordet.
I Oslo haldt 14-åringane Ea, Ella og Ellisiv appell om seksuell trakassering i skulegarden. Onsdag gjesta dei Stortinget, der statsråden måtte svare.
Bergen og Trondheim
I Bergen talte arrangøren 3.200 deltakarar.
– Eg er veldig fornøgd med knalloppmøte i toget, gode appellar og stort engasjement, seier Lena Seim Grønningsæter, som leier 8. mars-komiteen i byen.
Komitéleiar Astri Merete Holm i Trondheim melder om 2.500 menneske i tog i trønderhovudstaden.
