Desse amerikanske delstatane stemte over abort i natt
Missouri og Arizona får utvida abortrettar etter dette valet.
Saka er oppdatert 7. november med resultat for Montana, og venta resultat for Nebraska og Sør-Dakota.
I det amerikanske valet var det fleire saker som veljarar kunne bestemme i natt. Det inkluderte abort for ti delstatar, ifølgje Reuters.
Førebels er det klart at to delstatar med streng abortlovgiving, Missouri og Arizona, får utvida abortrettar etter dette valet.
Fleire delstatar styrkar også retten til abort, ved å inkludere det i delstaten si grunnlov.
Dette er resultatet:
Florida
Abortstatus før valet:
Det er ulovleg i Florida å ta abort etter veke 6, med svært få unnatak.
Forslaget:
Garanterer abortrettar i delstaten.
Resultat:
Forslaget fekk 57 prosent av stemmene, men trong 60 prosent for å bli vedteke.
Arizona
Abortstatus før valet:
Det er ulovleg i Arizona å ta abort etter veke 15, med svært få unnatak.
Forslaget:
Garanterer abortrettar til fosteret er levedyktig, som regel rundt veke 23/24.
Resultat:
Forslaget fekk gjennomslag, og Arizona får utvida abortrettar.
Missouri
Abortstatus før valet:
Det er ulovleg i Missouri å ta abort, med svært få unnatak.
Forslaget:
Garanterer innbyggjarane «rett til reproduktiv fridom».
Resultat:
Forslaget fekk gjennomslag, og Missouri får utvida abortrettar.
Nevada
Abortstatus før valet:
Det er lov å ta abort i Nevada fram til veke 24.
Forslaget:
Garanterer abortrettar i delstatens grunnlov, som gjer det vanskelegare å få gjennom abortfiendtleg lovgiving.
Resultat:
Forslaget fekk gjennomslag, men må også godkjennast i 2026 for at det skal inn i delstatens grunnlov.
Montana
Abortstatus før valet:
Det er lov å ta abort i Montana fram til fosteret er levedyktig, som regel rundt veke 23/24.
Forslaget:
Garanterer abortrettar i delstatens grunnlov, som gjer det vanskelegare å få gjennom abortfiendtleg lovgiving.
Resultat:
Forslaget fekk gjennomslag, og Montana får sterkare abortvern.
Colorado
Abortstatus før valet:
Det er lov å ta abort i Colorado, utan spesifikk tidsavgrensing.
Forslaget:
Garanterer abortrettar i delstatens grunnlov, som gjer det vanskelegare å få gjennom abortfiendtleg lovgiving.
Resultat:
Forslaget fekk gjennomslag, og Colorado får sterkare abortvern.
Sør-Dakota
Abortstatus før valet:
Det er ulovleg å ta abort i Sør-Dakota, med få unnatak.
Forslaget:
Garanterer abortrettar i delstatens grunnlov.
Resultat:
Forslaget er venta å ikkje få gjennomslag, ifølgje AP sine analyser.
Nebraska
Abortstatus før valet:
Det er ulovleg å ta abort i Nebraska etter veke 12, med unnatak for valdtekt, incest og dersom livet til den gravide er i fare.
Forslaget:
Det er to forskjellige forslag. Det første vil gjere den noverande lovgivinga til ein del av delstaten si grunnlov. Det andre forslaget vil garantere abortrettar i delstaten si grunnlov.
Resultat:
Forslaget er venta å ikkje få gjennomslag, ifølgje AP sine analyser.
New York
Abortstatus før valet:
Det er lov å ta abort i New York fram til veke 24, med mindre livet til den gravide er i fare, eller dersom fosteret ikkje er levedyktig.
Forslaget:
Vil endre lovparagrafen «Equal Protection Clause» i delstatens grunnlov for å garantere abortrettar, som gjer det vanskelegare å få gjennom abortfiendtleg lovgiving.
Resultat:
Forslaget går gjennom, og New York får sterkare abortvern.
Maryland
Abortstatus før valet:
Det er lov å ta abort i Maryland, utan spesifikk tidsavgrensing.
Forslaget:
Garanterer innbyggjarane «rett til reproduktiv fridom» i delstatens grunnlov, som gjer det vanskelegare å få gjennom abortfiendtleg lovgiving.
Resultat:
Forslaget går gjennom, og Maryland får sterkare abortvern.