«Parterapi»-Kevin får Språkgledeprisen
Manusforfattar, komikar og skodespelar Kevin Vågenes er tildelt Språkgledeprisen 2019.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Han kan spele nordlending, sørlending, møring eller totning – han har språkøyre og større dialekt- og talemålsforståing enn folk flest. I tillegg har han god diksjon, heiter det i grunngjevinga frå juryen.
Laurdag mottok manusforfattar, komikar og skodespelar Kevin Vågenes Språkgledeprisen 2019 under Oversatte dagar på Litteraturhuset i Oslo.
Bergenske Kevin Vågenes (32) har gjort stor suksess med NRK-serien Parterapi, med karakterar basert på norske kjendisar frå heile Noreg.
Kevin Vågenes-briller
Prisen går til ein person i norsk offentlegheit som på kreativt vis bidreg til å spreie språkglede og skapa åtgaum for ulike måtar å uttrykke seg på. Juryen trekker fram Vågenes si rolle i tv-seriar som Nissene over skog og hei, Mellom bakkar og berg, Jul i blodfjell og Kollektivet, men særleg suksessen Parterapi:
– Særleg gjennom Parterapi får han oss til å reflektera over måten me sjølv formulerer oss på. Han kan spele finansmann eller bloggar, feminist eller mannssjåvinist, hissig, konfliktsky eller passiv-aggressiv, og han speler på fordommane våre, men skildrar folk med empati.
Høyr Vågenes prøve seg på møredialekta her:
Juryen fekk inn mange gode kandidatar, men meiner Vågenes skil seg ut.
– Kanskje har han redda nokre forhold; i dag blir ein del kranglar truleg kvalt i startfasen fordi me ser på oss sjølv med Kevin Vågenes-briller, tenkjer oss om og vel våre ord med større omhu. Og vi ler.
Det er Norsk audiovisuell oversetterforening, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Norsk Oversetterforening som står bak Språkgledeprisen. Tidlegare har prisen vore tildelt Knut Nærum og Kristin Fridtun og består av kr 15 000 og eit diplom med trykk av Anna Fiske.
Les også meiningsinnlegget: Kva med litt kollektiv parterapi?