Ingen nedgang i festvaldtekter etter Kripos-kampanje

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sju år etter at Kripos sette i verk haldningskampanjen «Ein kjernekar» stadfestar Ann Kristin Grosberghaugen overfor Universitas at det ikkje har resultert i nokon nedgang i festrelatert valdtekt.

–⁠ Vi såg ein umiddelbar nedgang i talet på overfallsvaldtekter. I samanheng med fest og liknande, har vi førebels ikkje sett nokon nedgang, seier Grosberghaugen, som leier Oslo politidistrikts seksjon for etterforsking av alvorlege seksuallovbrot.

I Kripos’ 2017-rapport var festrelaterte valdtekter framleis den største kategorien melde valdtekter i Noreg. Talet på saker var høgare enn i tidlegare valdtektsrapportar frå politiorganet.

Les også intervjuet med Kathrine Nedrejord som har skrive bok basert på overfallsvaldtekta ho sjølv opplevde: – Eg skjønar jo at boka kan opplevast som litt vond å lese, men for meg var ho veldig god å skrive.

Kvar fjerde student utsett for seksuell trakassering

Målgruppa for haldningskampanjen var unge menn og omgangskretsen deira i alderen 18 til 35 år. Justisdepartementet gav Kripos 500.000 kroner i 2013, 400.000 kroner i 2014 og ytterlegare 500.000 kroner i 2015 for å få kampanjen ut til studentar.

Ifølgje Studentenes helse- og trivselsundersøking (SHoT) frå hausten 2018 oppgir kvar fjerde student å ha vorte utsett for seksuell trakassering, medan 4,7 prosent av studentane har vorte valdtatt.

I samband med kampanjen laga Kripos fleire videosnuttar: 

Les også: Studentar veit ikkje korleis dei skal melde frå om trakassering