Landbruket verst på mikroplastutslepp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

ECHA reknar med at det samla blir sleppt ut 36.000 tonn mikroplast i EU kvart år. Av dette står landbruket for 23.500 tonn. Nummer to på lista, kosmetikk, står for 3.700 tonn.

– Alle trur at det er kosmetikken som har skulda. Her har fleire land innført lovgrenser. Men størstedelen av den tilsette mikroplasten kjem frå landbruket, sa Matti Vaino, sjef for risikohandtering i ECHA, til den finske rikskringkastinga YLE da forslaget vart lagt fram.

Les også om korleis «mjølkemannen» skal minske mengda plast på avvege ved å levere Coca Cola på glasflaske og iskrem i metallboks. 

Årleg kutt på 20.000 tonn

Om framlegget blir vedtatt, reknar ECHA med eit gjennomsnittleg kutt i plastutsleppa på 20.000 tonn i året over ein tjueårsperiode. ECHA foreslår at forbodet mot mikroplast i gjødsel skal gjelde frå 2025.

Årsaka til dei høge utsleppa av mikroplast frå landbruket, er plasten som blir nytta i overflatebelegg og kapslar i kunstgjødsel og ugrasmiddel, ifølgje EU-kontoret.

Lurer du på forskjellen mellom mikroplast og plast? Her finn du svar.