Fleire barn veks opp i låginntektsfamiliar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein analyse Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjort, viser at 10,7 prosent av alle barn tilhøyrde eit hushald med vedvarande låg inntekt i 2017, mot 10,3 prosent året før.

– Å tilhøyre eit hushald med vedvarande låg inntekt betyr at ein har relativt lite pengar å rutte med samanlikna med det som elles er vanleg i samfunnet, forklarer SSB i gjennomgangen sin.

Les også om: Etterlyser større innsats for ungdom som veks opp i fattige familiar

Særleg auke hjå barn med innvandrarbakgrunn

I 2017 budde nærare 106.000 barn under 18 år i hushald med vedvarande låg inntekt. Etter 2011 har delen barn i låginntektshushald auka kvart år.

Auken kjem først og fremst av at stadig fleire barn med innvandrarbakgrunn veks opp i låginntektshushald.

– Delen barn med innvandrarbakgrunn i låginntektsgruppa har auka betrakteleg dei siste åra og fortset å auke også fram til 2017. Mens berre 5,7 prosent av barn utan innvandrarbakgrunn tilhøyrde eit hushald med vedvarande låg inntekt i 2017, var denne delen nesten sju gonger så stor for innvandrarbarn – 38,0 prosent, ifølgje sentralbyrået.

Les også: Aukande barnefattigdom i norske kommunar

Fleire har berre éin forsørgar

Men det har også vorte fleire barn utan innvandrarbakgrunn som veks opp i låginntektshushald. Talet har auka frå godt under 40.000 i 2011 til nærare 47.000 i 2017.

– Mykje av dette heng saman med at fleire barn i låginntektsgruppa har berre éin forsørgar. Ei medverkande årsak her er nok den svake inntektsutviklinga blant einslege forsørgarar dei siste åra, med inntektsnedgang etter 2014 når vi reknar i faste prisar, opplyser Statistisk sentralbyrå.

Les også om Sindre Hornnes og Sandra Tenud frå AUF Sogn og Fjordane føreslår fem konkrete grep mot barnefattigdom i Noreg.