38 søkarar vil starte friskular neste år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søknadane blir vurderte etter den nye friskulelova som Stortinget vedtok i juni 2015, skriv Kommunal rapport.

Den nye friskulelova opna for fleire typar skular i Noreg. Fram til juni 2015, var det berre skular baserte på religion, ein anerkjent pedagogiske retning eller vidaregåande skular med toppidrettstilbod som kunne bli godkjende. Men etter at den nye lova blei gjeldande kan også skular baserte på livssyn godkjennast. Det same gjeld for private vidaregåande skular med yrkesfagleg opplæring, eller for private profilskular som spesialiserer seg på til dømes realfag, språk, kunst og kultur.

For 2020 er det flest som søkjer på grunnlag av livssyn og profil.

Det er Udir og Kunnskapsdepartementet som bestemmer kva for skular som får starte opp, sjølv om kommunane har høyringsrett.