Slepper laus polfararen over alle polfararar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi skal både til Sørpolen og Nordpolen når filmatiseringa om Roald Amundsen – og dei nesten umoglege ekspedisjonane hans – kjem til kinoane landet rundt.

Hundeeting kjem vi ikkje utanom, heller ikkje blåfrosne tær og isbjørnangrep. Men filmen rommar òg vakre arktiske solnedgangar, romantikk, poesi i isørkenen – og eit portrett av ein mann som var laga av eit heilt eige stoff.

Les også om 17-åringen som Johan Koren, som reiste på tokt med Amundsen!

No kjem den, storfilmen om tidenes største polfarar, Roald Amundsen. I tittelrolla finn vi Pål Sverre Hagen, og bak regiroret er Espen Sandberg. Foto: Motion Blur / SF Norge

Budsjett på 75 millionar kroner

– Ikkje berre ville eg fortelje om denne heilt unike personen. Eg ville òg gå tett på dei menneskelege dramaa, seier regissør Espen Sandberg.

Pressa har akkurat fått sjå filmen – og kontrasten til Nordpolen er stor når vi samlast rundt eit bord og sola løyver oss sine første, varme vårstrålar.

Regissøren gjer ingen løyndom av at det har vore ei kostbar affære å skildre den gåtefulle oppdagaren på det store lerretet. Frå produsenthald får vi bekrefta at filmen har hatt eit budsjett på nærare 75 millionar kroner.

– Det er dyrt å lage historisk drama. Kostyme og kulissar kostar, og det hjelper jo ikkje at skip og flymaskiner skulle med – og ein Zeppelinar. Produksjonen har vore mykje på flyttefot, med scener spelt inn på Island, i Tsjekkia og i Noreg, skyt regissøren inn.

Sjå trailer for filmen her:

https://www.youtube.com/watch?v=SRlhTAsBX1Y

Eit liv som «hadde alt»

Sandberg er regissøren bak «Max Manus og «Kon Tiki», og han må kunne kallast ein ekspert på å ta for seg norske helteskikkelsar på film. At Roald Amundsen måtte bli neste ut, forklarer han slik:

– Det livet hadde alt. Drama, action, konfliktar, spektakulære natur- og reiseopplevingar – og dessutan spenning. Amundsen er ein mann som aldri sluttar å fascinere, og tida han levde i var òg spennande.

Også tittelrolleinnehavar Pål Sverre Hagen sluttar seg til bordet vårt. Han fortel at han var full av ærefrykt då han tok oppdraget med å skildre ein mann som er polfararane sin polfarar.

– Han hadde ein eigen logikk og måte å sjå verda på, seier skodespelaren, som innrømmer at det er ekstra spesielt å gå inn i ei rolle når det handlar om ein person som verkeleg har levd.

– For meg vart det viktig å prøve å skildre den krafta og energien han hadde. Når ein skal spele ein person som har levd, blir ein del av ettermælet hans – og det er berre å håpe at vi har ytt han rettferd, seier Hagen, som òg tidlegare har samarbeidd med Espen Sandberg. Han sette sjøbein og spelte Thor Heyerdahl i Sandberg-filmen «Kon Tiki» frå 2012.

– Det er risikabelt å skulle skildre eit levd liv. Då er det ein stor fordel å kjenne regissøren godt, slår han fast.

Les også: Google feira Roald Amundsen på 105-årsdagen for flaggplantinga på Sørpolen

Triumfar og nederlag, glede og tragedie. Roald Amundsens liv hadde det meste. Her ei scene frå filmen som får premiere fredag. Foto: Motion Blur / SF Norge

Polfararen som forsvann

Korleis filmen sluttar, skal publikum sjølv få sjå. Men det er ei kjend sak at Amundsen forsvann på redningstokt då han prøvde å redde luftskipet Nobile ut av isen nord for Svalbard. Kalenderen viste 1928 då Amundsen forsvann, 56 år gammal. Han vart aldri funnen, noko som har ført til massive spekulasjonar og forsøk på å attskape den siste ferda til polfararen.

Det har òg vore mange meiningar knytt til Amundsens motivasjon før den siste reisa.

– Eg trur han følte at han måtte dra. Det handla om både respekt og økonomi, og han hadde denne indre flammen som framleis brann. Han skulle utføre bragder, seier Sandberg – og får støtte av Hagen:

– Det står i stil med den han var, det å ende dagane sine på isen. Slik vart han jo endå meir myteomspunnen.

Katherine Waterston spelar Roald Amundsens siste kjærleik, Bess Magids. Foto: Motion Blur / SF Studios / Handout

Sterk kjærleikshistorie

Men ein ting einast skodespelar og regissør om. Kjærleikshistoria mellom Roald Amundsen og den pokerspelande hundekøyraren Bess Magids fekk ein alt for brå slutt.

– I henne hadde han møtt sjelefrenden sin. Roald Amundsen var ein svært moderne mann, oppteken av vitskap, framtida og maskiner. Bess var òg ei kvinne forut for si tid, og ei dame som gjekk sine eigne vegar. Dei to burde fått meir tid saman, slår Hagen fast.

For filmen har manusforfattar Ravn Lanesskog hatt eit usedvanleg rikt kjeldemateriale å ta av.

– Vi veit mykje om livet til Amundsen, veldig mykje er dokumentert. Så her vart det heller eit spørsmål om kva vi skulle velje bort. Det var den vanskelegaste jobben, seier Sandberg.