Maria Parr fekk Sultprisen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei stor ære, som også gir rom og tid til å skrive. Det set eg utruleg stor pris på. Det motiverer meg, sa Maria Parr under utdelinga på Gyldendal Norsk Forlag.

Sultprisen frå Gyldendals legat vert kvart år delt ut til eit eminent yngre forfattarskap. Prisen er på 250 000 kroner.

Lurer du på kva Maria Parr gjorde då ho var 20? Låg under open himmel og såg på nordlyset!

Barneboksuksessen

For første gong sidan 2008 går prisen til ein reindyrka barnebokforfattar.

Etter braksuksessen med debutboka Vaffelhjarte i 2005 har Parr gitt Tonje Glimmerdal i 2007 og Keeperen og havet i 2017. Dei tre barnebøkene er alle gitt ut på Samlaget.

Forfattaren har vorte utropt til ei av dei absolutt største innan norsk barnelitteratur. I tillegg til ei rekkje prisar og internasjonal salssuksess har fleire to av bøkene vorte til teater og ei til tv-seriesuksessen Vaffelhjarte.

Maria Parr (1981)

  • Norsk barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven, Møre og Romsdal
  • Debuterte i 2005 med Vaffelhjarte
  • Vaffelhjarte har blitt TV-serie på NRK Super, og har i likheit med Tonje Glimmerdal, også vorte dramatisert på teaterscenen.
  • Har vunne Brageprisen for både Tonje Glimmerdal (2007) og Keeperen og havet (2017)

Kjelde: Samlaget, Wikipedia