Bondelagsleiar krev stopp i pelsdyravviklinga

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, meiner at høyringsrunden om pelsdyravviklinga viser at grunnlaget for å avvikle pelsdyrnæringa er for tynt.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I alt 323 privatpersonar, bedrifter og organisasjonar hadde levert høyringssvar om avviklinga av pelsdyrnæringa før fristen gjekk ut førre veke, skriv Nationen.

– Eg opplever høyringssvara som ei brutal tilbakemelding til regjeringa. At aktørar som Regelrådet og NHO er skeptiske til utgreiingsgrunnlaget, gjer at eg meiner regjeringa må lytte til næringslivet, seier Bartnes til avisa.

Les også: Pelsdyr-avvikling har små ringverknader

Styrt avvikling fram mot 2025

Bondelaget meiner at regjeringa no må stoppe lovarbeidet, og at det ikkje er grunnlag for å foreslå lovendringar i denne stortingsperioden.

Talet på pelsdyrgardar i Noreg vart halvert på ti år, frå 490 i 2007 til 245 i 2017.

Regjeringspartia Høgre, Frp og Venstre vart i fjor einige om å avvikle pelsdyrnæringa i Jeløyplattforma, eit vedtak som er vidareført i den ferske Granavollplattforma, der også KrF er med. Landbruks- og matdepartementet arbeider no med utkast til lov, der det er lagt opp til ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa fram mot 2025.

Les også: Jærrådet vil be regjeringa gjera om vedtaket om å forby pelsdyroppdrett innan 2025

NHO kritisk til framgongsmåten

I høyringa er NHO er kritisk til framgangsmåten i saka og peikar på at Regelrådet meiner at delar av utgreiinga som låg til grunn for avviklingsvedtaket, er for dårleg. Regelrådet har som oppgåve å vurdere konsekvensane av nye lover og reglar for næringslivet.

– Gitt Regelrådets kritiske merknader til avgjerdsgrunnlaget frå Landbruks- og matdepartementet, meiner NHO Mat og drikke at regjeringa i det minste må greie ut om alternative utformingar av kompensasjonsordninga før dei kan forvente at høyringsinstansane tar stilling til dette spørsmålet, og før saka blir lagt fram for Stortinget, skriv NHO.