Fire samiske kulturtips på samefolkets dag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 06.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Film: Sameblod

Om du framleis ikkje har sett Sameblod, så er det på tide!

Norsk-samiske Lene Cecilia Sparrok vann Guldbaggen for beste kvinnelege hovudrolle for debuten i Amanda Kernell sin Sameblod. I filmen møter me sørsamiske Elle-Márjá som  vert sendt på internatskule for å verte svensk på 1940-talet. Her vert ho utsett for både mobbing frå svenske barn og rasestudier. Etter kvart tek Elle-Márjá sjølv avstand frå sin samiske kultur og vert ein tydeleg formidlar av kva forsvensking- og fornorskingsprosessane har gjort med den samiske arven.

Podkast: I Elsa Laulas fotspor

På besøk hos Inga Karlsen (83) i Tysfjord. Fra venstre Eva Fjellheim, Susanne Normann, Inga Karlsen, Astrid Fadnes, Ingrid Fadnes. Foto Elin Mar Øyen Vister

Podkasten som kan høyrast på prosjektet sine eigne nettsider og NRK.no sine radiosider er ein serie om samisk rettighetskamp gjennom 100 år fortalt av samiske kvinner.

Radiokollektivet Søstrene Suse har fått støtte av Sametinget Fritt Ord og Sametinget for å dokumentera situasjonen er for samane i dag. Dette gjer dei gjennom samtalar med 22 samiske kvinner frå Noreg, Sverige og Finland. Inspirasjonen til prosjektet fekk dei frå føregangskvinna Elsa Laula Renberg (1877-1931) som var initiativtakar til det første samiske landsmøtet i 1917.

Les intervju med radiokollektivet Søstrene Suse her!

Visuell kunst: Anders Sunna

Den svensk-samiske grafittikunstnaren Anders Sunna brukar visuelle verkemiddel i sin protest mot den svenske staten. Urban kunst kler samisk maktkritikk så godt at ein kan spørje seg kvifor det ikkje er fleire som har trykt uttrykksforma til sitt bryst. Sunna får i alle fall sagt det med bilete:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#sápmi #göteborg #frölundakulturhus #anderssunna #art #contemporaryart #indigenousart #indigenous #painting #montanacans #sweden

Et innlegg delt av Anders Sunna (@anders_sunna)

Musikk: Samiske voggeviser

Joik har igjen kome på alle sine lepper etter at Ella Marie Hætta Isaksen imponerte i Stjernekamp-finalen.

Hætta Isaksen står for eitt av dei tre samiske bidraga på plata Solnatt-Beaiveidja, som vart laga til Festspillene i Nord-Noreg 2018. Saman med bandet sitt ISÁK syng finnmarkingen den nydelege voggevisa Vuolgu.

På plata finn du òg Mánná galgá nohkkat – ei perle frå multitalentet Elle Márjá, som mellom anna har spelt saman med Led Zeppelin-bassist John Paul Jones. Sist men ikkje minst bidreg den sør-samiske folkemusikaren Marja Mortensson.

Les intervju med Stjernekamp-Ella som brukar joik når orda ikkje strekk til: – Det er mange som ikkje er vane med å høyre joik, som opplever det som veldig sterkt.

Ella Marie Hætta Isaksen spelte teater i heile oppveksten. Da ho byrja på vidaregåande oppdaga ho låtskrivinga. Foto: Beate Haugtrø