Fleire vil gi vekk kroppen når dei døyr
Alle dei fire universiteta som tar imot døde kroppar til undervisning og forsking, registrerte ein auke i fjor frå tidlegare år.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forteljinga om professor Torbjørn Sikkeland, som donerte kroppen sin til forsking i 2014, er ei av årsakene til auken, skriv NRK.
– Me er veldig takksame for alle førespurnadene i året som har gått, frå folk som har høyrt om Sikkelands val og vurderer det same, seier professor Mahmood Amiry-Moghaddam ved Universitetet i Oslo til kanalen.
Lekamsdonasjon er eit viktig bidrag til utvikling og for halda oppe kunnskapen og ferdigheitene hjå helsepersonell. Teknologien kan ikkje erstatta ekte kroppar, seier Amiry-Moghaddam.
– I tillegg til å bruka ekte menneskekroppar i utdanninga av nye legar, er kroppane svært viktige når legar skal spesialisera seg. At me fekk over 30 nye avtalar berre ved Universitetet i Oslo i 2018, er svært verdifullt.
Les også om organdonasjon som kan redde liv: Rakel fekk mamma si nyre