Trillingar tok lappen, på same dag!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vikebladet Vestposten. 

Alle gode ting er tre, blir det sagt. Og slik var det så absolutt då trillingane Sandra, Daniel og Benjamin Aasen Akogyeram måndag denne veka tok oppkøyring på same dag, rett etter kvarandre, med same sensor i passasjersetet. Og best av alt, alle tre stod!

Ved Statens vegvesen sin trafikkstasjon i Ørsta har ikkje noko liknande skjedd før, kan mamma Berit Aasen fortelje Vikebladet Vestposten.

– Det var det dei fortalde oss. Eg er sjølvsagt veldig stolt av dei, seier ho, og fortel at trafikkskulen har hjelpt godt til med tanke på logistikken kring køyretimane til trillingane.

Sandra, Benjamin og Daniel blei 18 år for berre nokre dagar sidan, og no har altså alle tre lappen i handa.

– Det var sjølvsagt veldig spanande, men også veldig kjekt. Det var jo veldig spesielt at vi tok førarprøva på same dag også då, seier Sandra.

LES OGSÅ: John (100 ½ år) fornya lappen

– Trudde ikkje alle kom til å stå
På telefon med Vikebladet Vestposten var trillingane frå Fosnavåg heilt ærlige på at dei eigentleg ikkje trudde dei ville klare å stå alle tre.

– Vi blei veldig overraska over at vi klarte det på første forsøk alle tre, for ifølgje statistikken er sjansen stor for at ein av tre ikkje klarer det. Vi er like flinke, men ein av oss kunne jo ha vore uheldig for eksempel. Vi hadde uansett gjort oss klare for scenarioet der ein av oss strauk. Difor var vi ikkje utelukkande optimistiske før prøva, seier Daniel.

Bror Benjamin legg til:

–Men det gjekk, og vi bestod. Om ikkje hadde det vore fire fryktelege veker for den av oss som hadde vore nøydd til å vente på å ta opp att prøva.

Søskena fortel også at det var dei som meinte dei ikkje burde ta oppkøyringa på same dag, men som kjent gjekk jo det heilt greitt likevel.

LES OGSÅ: Trafikklærar meiner liv kan reddast viss trafikk blir eige fag i skulen

Ein bil på deling
Men kva så med bil? Dei tre har ein bil på deling, og legg ikkje skjul på at det kan bli litt vanskeleg logistikkmessig til tider.

– Vi er i grunnen førebudde på at det vil bli litt krangling om bilen, så det vil nok raskt bli laga eit system der vi deler mest mogleg på den. Vi skal nok få det til, seier Sandra, Daniel og Benjamin.

– Ekstra spesielt
Fagleg leiar Kjell Erik Rotevatn ved Rotevatn Trafikkskule var trafikklærar for Daniel og Benjamin, medan Paul Leinebø var trafikklærar for Sandra.

Kjell Erik Rotevatn fortel at han som trafikklærar aldri har vore borti liknande, noko heller ikkje trafikkskulen har. Også sensor meinte det heile var spesielt.

– Det er tre kjekke ungdommar, som tilfeldigvis er trillingar. Det har gjort det ekstra spesielt for oss at alle tre ville ta førarkortet hos oss. Dei tok også mopedlappen hos oss, seier Rotevatn og legg til:

– Det var ei flott oppleving, og noko vi aldri kjem til å gløyme.

LES OGSÅ: «Jonas» brukar cannabis dagleg. No vil han ta førarkort