4.000 fleire har teke førarkort for bilar berre med automatgir i år, samanlikna med fjoråret.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det melder NRK. Gjennom det siste året har talet på førarkort berre for automatgir auka kvar månad.

Tilgangen på bilar med manuelt gir, i tillegg til kostnadene knytt til å ta førarkort for bil med manuelt gir, kan forklare noko av endringa.

– Vi har bilar med automatgir heime, og det er dei eg har øvingskøyrt med. Dessutan blir det rimelegare for meg å ta denne typen førarkort, seier 17-årige Susanne Lone Ågensen til NRK. (©NTB)

Les også: Alle bilane til Tesla skal bli sjølvkøyrande

…men FpU tvilar på at menneskelege sjåførar blir forbodne

Oppdatert: fredag 5. januar 2018 10.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE