Linn Skåber er nominert til Uprisen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.01.2019 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei nominerte bøkene tilhøyrer forskjellige sjangrar og alle viser originalitet innanfor sin sjanger. Bøkene tek opp viktige tema på ulike måtar og har blitt veldig godt likt av mange ungdommar på uprisen.no, seier nominasjonsjuryen i ei pressemelding frå Foreningen !les.

Prisen vert delt ut torsdag 23. mai under Litteraturfestivalen på Lillehammer.

Dei nominerte er:

  • Sabotør av John S. Jamtli, Cappelen Damm
  • Slepp meg av Kathrine Nedrejord, Aschehoug
  • Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland, Samlaget
  • Til ungdommen av Linn Skåber. Illustrert av Lisa Aisato, Pitch
  • Bare spille ball av Michael Stilson, Cappelen Damm

Forfattar Kathrine Nedrejord skreiv bok etter overfallsvaldtekta: – Kall ein spade for ein spade. Eit offer er eit offer, ikkje ein utsett

Årets beste ungdomsbok

Uprisen vart delt ut for første gang i 2007 og er ungdommen si eiga kåring av den beste norske ungdomsboka som er utgitt året i førevegen.

Prisen vert arrangert av Foreningen !les i samarbeid med Norsk Litteraturfestival på Lillehammer og Den kulturelle skolesekken.

Foreningen !les er ein ideell medlemsorganisasjon som med støtte frå Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet jobbar inn mot skulen for å fremja lesing. I tillegg til Uprisen deler dei ut Ungdommens kritikarpris og Bokslukerprisen.

Juryklassar frå heile landet

Nominasjonsjuryen er samansett av fem elevar frå ulike skular i landet. No skal sju juryklassar frå skular i Oslo, Hedmark, Buskerud, Akershus, Møre og Romsdal, Nordland og Oppland kome fram til vinnaren av Uprisen 2019.

– Bøkene vil garantert skape engasjement blant juryklassane. Det blir spanande å sjå kva dei meiner og kven som til slutt vinner Uprisen, seier prosjektleiar for Uprisen i Foreningen !les, Bjarte Bakken.

Nominasjonsjuryen består av (f.v.) Emilie Kauserud Bræck (Verket skole), Jannicke Valstad Stenberg (Surnadal ungdomsskole), Emma Valør Noreng (Grov skole), Elise Holt (Ski ungdomsskole) og Steffen Takvam Dale (Husnes ungdomsskule). Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les

Bli med då forfattar Tor Arve Røssland vart bokbada: «Tenk om Knut Arild Hareide blei til ein zombie, og åt opp Siv Jensen!»