Fleirkulturell filmskapar får Mostrastongprisen
Styret i Foreininga Tora Mostrastrong på Bømlo har vedteke at den årlege Mostrastongprisen i år skal gå til den fleirkulturelle filmskaparen Iram Haq.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Iram Haq frå Stovner i Oslo er norsk skodespelar, filmskapar og songar. Ho er særleg kjend for filmane ho har laga, ikkje minst for filmen «Hva vil folk si?» som har fått fleire prisar.
– Denne filmen saman med ei totalvurdering av den kulturelle innsatsen hennar gjennom mange år har lagt grunnlaget for denne pristildelinga, heiter det i ei pressemelding frå styret i Foreininga Tora Mostrastong.
Synleggjort problem
Foreininga meiner at Iram Haq gjennom arbeidet sitt som filmskapar har synleggjort problem som kan oppstå når menneske frå svært ulike kulturar skal leva saman.
Filmen «Hva vil folk si?» handlar om ei norsk-pakistansk tenåringsjente som lever eit dobbeltliv. Heime med familien er ho ei pakistansk dotter, mens ho ute blant venner lever som ei vanleg norsk ungdomsjente. Når faren oppdagar at ho har ein norsk kjærast, får det dramatiske konsekvensar.
Her kan du sjå traileren til filmen:
Les også: Ærespris til regissør Iram Haq
Ein pris for kvinner som markerer seg
Tora Mostrastongprisen blir kvart år delt ut til kvinner som har markert seg på ulikt vis. Prisen har namn etter den sterke vikingkvinna Tora Mostrastong frå Moster som var mor til Håkon den gode.
I vedtektene heiter det at prisen skal gå til kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. I vurderinga blir det også lagt vekt på som eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse.
Prisen, som er ein bronsestatuett etter Tora Mostrastong-statuen på Moster, blir delt ut under det årlege «Toratreffet» i Moster Amfi laurdag 8. juni.
Les også intervjuet med Iram Haq: – Det er frykt som driv sosial kontroll vidare