Ærespris til regissør Iram Haq

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen er bransjeorganisasjonens høgste utmerking og går til regissørar, fotografar, skodespelarar eller andre personar som har gjort ein framifrå innsats i eller for norsk film og kinobransje eller norsk filmproduksjon.

Iram Haq er utdanna ved Westerdals School of Communication og spelte hovudrolla i filmen «Import Eksport» i 2005. Ho hadde også ein rolle i TV-serien «Borettslaget», var sjukepleiar i serien «Berlinerpoplene» og eitt av drapsoffera i Varg Veum-filmen «Falne engler».

Vann Sundance i 2010

Prisvinnaren debuterte med kortfilmen «Trofast» i 2003. Den vart valt ut til festivalen i Venezia året etter.

I 2009 skreiv ho manus til, spelte i og regisserte kortfilmen «Skylappjenta». Filmen har vunne fleire internasjonale prisar, og vart plukka ut til Sundance filmfestival i 2010. «Skylappjenta» er også utgitt som bok som vart nominert til Kulturdepartementets debutantpris i 2010.

Les også: Skam-stjerner i kvar sin norske haustfilm

Fire Amandaprisar for «Hva vil folk si»

I 2013 skreiv ho manus til og regisserte spelefilmen «Jeg er din», som vart valt som Norges Oscar-kandidat for 2014.

«Hva vil folk si» kom i fjor, også den skriven og regissert av prisvinnaren. Den vart ein av Noregs mestvinnande filmar det siste året, i både inn- og utland. Sist laurdag vann den heile fire Amanda-prisar i Haugesund, for beste film, regi, manus og beste mannlege hovudrolle.

Priskomiteen 2018 har bestått av programdirektør Christin Berg, kinodirektør Elisabeth Halvorsen, produsent Silje Hopland Eik, filmkonsulent Åge Hoffart og redaktør Jan Erik Holst som leiar.

Les også: Dei første bileta frå ny 22. juli-film publisert