Nasjonal høgtlesingsdag over heile landet
Komande laurdag vert det lest høgt frå favorittbøker i bibliotek over heile landet, og kulturministeren opnar Bokåret 2019.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Høgtlesingsdagen blir fellesstarten for eit heilt år der vi skal boltre oss i litteratur, lesing og leseglede. På høgtlesingsdagen kan du ta med deg ein ven, ein kopp kaffi eller strikketøyet og ta inn litteraturen slik han i tidlegare tider blei overlevert: frå munn til øyre, seier prosjektleiar for Bokåret 2019, Liv Gulbrandsen, i ei pressemelding.
I bibliotek over heile landet vil forfattarar, forteljarar, leseombod, lokale entusiastar eller bibliotekarane sjølve lese tekstar dei er glade i for alle som vil høyre på.
Kulturminister Trine Skei Grande klipper snora for bokåret på ei markering i Nasjonalbiblioteket, der også forfattarane Vigdis Hjorth, Thorvald Steen og Liv Gulbrandsen kjem til å lese høgt frå ein tekst dei har stor kjærleik til.
Les også om «Årets bokmeldar» 15-åringen Silje Duus: – Eg ber mamma kjøpe bøkene som har fått terningkast 1 og 2 i VG.
Feirer 500 år med 1500 arrangement
Bokåret 2019 markerer 500-årsjubileet for dei første norske trykte bøkene. Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense ble trykte høvesvis i København og Paris i 1519. Den første er ei messebok for Noreg, mens den andre er ei handbok i liturgiske seremoniar for prestar. Begge bøkene står på lista over den norske dokumentarven.
500 bibliotek over heile landet har fått støtte til å gjennomføre til saman 1500 arrangement som skal auke lesing og leselyst i Bokåret 2019. Andre organisasjonar som fremmar lesing har også fått støtte til leselystprosjekt. Til saman gir Nasjonalbiblioteket 30 millionar kroner til dette formålet.
Les også: – Dette er den største satsinga på lesing i Noreg på nesten 20 år