30 millionar til leselyst i Bokåret 2019

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Største satsinga på lesing på nesten 20 år

Nasjonalbiblioteket skal fordela midlane, som skal gå til bibliotek og andre institusjonar som formidlar leseglede. Dette er den største satsinga på lesing i Noreg sidan tidleg på 2000-talet.

– Med denne tildelingen satsar regjeringa like mykje på litteraturformidling i Noreg som internasjonalt i Bokåret 2019, og norsk litteratur skal bli like synleg her heime som på bokmessa i Frankfurt, seier kulturminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.

2019 skal bli eit leseår

– Dette er den største satsinga på lesing i Noreg på nesten 20 år og inneber at Bokåret 2019 verta til òg utvida å bli eit leseår, seier Aslak Sira Myhre i pressemeldinga frå Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket har tilsett noverande leiar for Leswr søker bok Liv Gulbrandsen som prosjektleiar for Bokåret 2019.

500 arrangement i 500 bibliotek

Hausten 2018 kan biblioteka søkja om midlar til 500 arrangement i 500 bibliotek i Bokåret 2019. Nasjonalbiblioteket vil no gå i dialog med andre organisasjonar som fremjar lesing for å planleggja prosjekt som skal skapa interesse og begeistring for bøker og litteratur og lesing.

Bokåret 2019

Markerer 500-årsjubileet for den første norske trykte boka. Regjeringa har allereie tildelt 30 millionar kroner for å synleggjera norsk litteratur på bokmessa i Frankfurt, der Noreg er valt ut som hovudland i 2019. Bokmessa i Frankfurt er verdas største salsmesse for bøker og den internasjonalen bokbransjens viktigaste møteplass.