Kvinner får færre barn på bygda også

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylke som Troms, Finnmark, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal var lenge med på å trekkje dei nasjonale fødselstala opp. Men det er ikkje gitt at det er der ein finn svaret når regjeringa ønsker at folk skal få fleire barn, skriv Klassekampen.

Fødselstala fell no like mykje på bygda som i sentrale strøk, mange stader meir. Finnmark, som låg på toppen av fødselsstatistikken for ti år sidan, nærmar seg nivået i Oslo, som ligg nedst. Saman med Troms og Agder-fylka har Finnmark opplevd den største nedgangen.

Auka fødealer gjer at talet på fødslar går ned

– Fødselsraten har falle i alle fylke og i dei fleste kommunar dei siste ti åra. Tidlegare var det større variasjon mellom fylke og kommunar, men den har vorte mindre sidan fødselsraten har falle, seier seniorforskar Astri Syse i Statistisk sentralbyrå̊.

Ho fortel at fødealderen har auka for alle, og at fødselsraten difor vil gå ned. Meir utdanning, særleg blant kvinner, er ein del av forklaringa.

– Folk investerer meir i høgare utdanning. Så vil dei gjerne ha ein interessant og fast jobb og ein eigna bustad før dei får barn. Lite tyder på at det er mange fleire enn før som ikkje vil ha barn, det berre «passar ikkje no».

Les også: Utdanningsgapet mellom kvinner og menn aukar