Konfliktråda: – Fleire får ungdomsstraff

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 11.01.2019 14:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2017 var det 39 som fekk ungdomsstraff og 381 som fekk oppfølging, skriv Sekretariatet for konfliktråda i ei pressemelding.

Straffa består av eit ungdomsstormøte der ungdommen møter fornærma viss fornærma ønsker det, ein ungdomsplan med tiltak ungdommen må gjennomføre, og dessutan eit oppfølgingsteam som følgjer ungdommen tett i gjennomføringsperioden.

– Det er bra at dei nye straffereaksjonane blir nytta i aukande grad, og at påtalemakta og domstolen ser verdien av desse reaksjonane, seier Sigrid Bay, som er konstituert direktør for konfliktråda i Noreg.

Les også: – Eg sa høgt og tydeleg at pappa sat i fengsel

Tverrfagleg oppfølging

Med ungdomsstraff og ungdomsoppfølging må den unge lovbrytaren ta ansvar for konsekvensane av sine straffbare handlingar.

– Den enkelte blir gitt tverrfagleg oppfølging ut frå det særskilde behovet sitt. Dette er ofte ungdommar med store utfordringar i livet som treng «sosiale» murar i staden for fengselsmurar.

Sidan dei nye reaksjonsformene vart innførte i juli 2014 er 198 dømt til ungdomsstraff og 1495 har fått ungdomsoppfølging. Narkotika, vald, truslar og seksuallovbrot utgjer hovuddelen av lovbrota.

Konfliktråda i Noreg fekk inn 7.864 saker i fjor. Det er 22 konfliktråd fordelt over heile landet med 550 meklarar.

Les også: Korleis er det i fengsel? Her er nokre svar