Christian Wiik Gjerde
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når denne boka blir opna, vil det skje. Da er tida inne. Kjære lesarar: De er hjelparane. De skal mane barnet mitt fram.

Slik startar den nye grøssarboka til Lars Mæhle. Ei spanande forteljing der lesaren må vere detektiv og finne djevelen.

Finn svarteboka

I boka møter du hovedpersonen Onu. Han bur saman med mora i Storskogen som ligg langt frå byen. Ein dag flyttar familien Korp inn i nabohuset – i den gamle prestegarden. Familien Korp har merkelege, bunadsaktige klede og oppfører seg merkeleg. Dottera Regine Korp, skal gå i klassen med Onu. Då blir dei til saman fire elevar på ungdomstrinnet. For det er ikkje fleire tenåringar i Storskogen.

Onu og klassekompisane, Alex og Irmelin, blir involvert i eit mysterium. I bygda finst det nemleg ei grotte som er stengd. Det er ulovleg å ta seg inn. Men Onu, Alex og Irmelin bryt seg inn etter at dei høyrer ei historie om grotta. Der finn dei ei fleire hundre år gamal bok som viser seg å vere sjølvaste svarteboka til djevelen. Og snart nærmar natta seg, då djevelen skal fødast på ny.

Les også om den førre boka til Mæhle: Kort og godt gyseleg spennande, skreiv Framtida.no sin bokmeldar då.

Spaning frå start til slutt

Foto: Tove Breist

– Eg ville skrive ei bok som ungdomen ville elske. Ei bok som skulle vere spanande frå start til slutt.

Lars Mæhle gjorde ein del research før han byrja å skrive. Han las om norsk folketru og mørke skrifter. I tillegg hadde han ein del religionskunnskap frå studietida.

Svarteboka, djevelen si bok, var bøker som blei skriven i mellomalderen. Grunnen til at mange blir så fascinert av det mørke har Lars ein tanke om.

– Djevelen er den ultimate skurken. Det finst ikkje noko mørkare og skumlare enn han, seier Mæhle til Framtida junior.

Historien om Onu speglar samfunnet vårt

– Eg skreiv denne historien då den store flyktningkrisa pågjekk. Det er dessverre mange mørke, destruktive tankar i dei fleste menneska, og dess meir makt ein har, dess lettare kjem det til syne.

Les også om Øystein Runde si nye bok: – Eg hadde gått og sikla på å få ho til, så eg måtte researche vikingmedisin og vikingkirurgi.