Like bursdagsbarn leikar best


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Viss du spør kven som helst som har kjent meg over litt lengre tid, så er det i alle fall eitt faktum dei kan fortelje om meg: Eg har bursdag på same dag som Elvis Presley.

Det er ein ting eg er stolt av, nemner ofte, og ikkje sjå vekk frå at eg prøver å snike ein del av livshistoria hans inn i vanlege samtalar. Eg har elska han sidan eg var ganske ung, og eg hugsar ikkje heilt korleis det byrja. Men ein av tinga som har knytt meg litt ekstra til han er at vi har bursdag på same dag. Det gjer det litt ekstra spesielt for meg. Han vart ein person eg kunne sjå opp til. Å leve opp til.

Men ein av tinga som har knytt meg litt ekstra til han er at vi har bursdag på same dag.

I seinare internettider har eg kome over fleire store personar som har bursdag på same dag som meg og Elvis. Personar eg har god grunn til å leve opp til.

David Bowie for eksempel. Ein unik artist som på sitt eineståande vis var innom kvar ein musikkstil og klesstil, og sette sitt spor i musikkhistoria. Han forlet verda med eit gisp då han gav ut eit kritikarrost album, eit rekviem som det blir kalla, eit par dagar før han sovna inn etter lang kamp mot kreft.

Han brydde seg ikkje om kroppsleg avgrensing og råkøyrde i rullestolen sin på universitetet.

Eit anna bursdagsbarn er fysikaren Stephen Hawking. Mannen som blei diagnostisert med sjukdomen «ALS» som 21-åring, og fekk beskjed om at han kom til å døy i løpet av to år. Han brydde seg ikkje om kroppsleg avgrensing og råkøyrde i rullestolen sin på universitetet. Han revolusjonerte astrofysikken då han oppdaga at svarte hol ikkje berre syg til seg materie, men at dei og kan gi frå seg stråling. Han beskreiv dei aller første sekundane etter The Big Bang, og vart faktisk 76 år før han døydde.

Det ser ut som eg har mykje å leve opp til, og mykje eg må oppnå for å bli likestilt med mine medbursdagsfolk. Det er tydeleg at alle født på denne dagen er meint til å gjere noko stort. No må eg berre ut å finne mi greie.

Det er sjølvsagt mange fleire som har bursdag denne dagen, men heldigvis er sinnet mitt litt selektivt i val av inspirasjonskjelder. Kim Jong-un har for eksempel bursdag den dagen òg.