Musikk er meir enn berre ord

Mathuya Nakula, 16 år, Hersleb videregåande skole
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten er eitt av bidraga i Framtida.no, Magasinett og Foreningen !les sin skrivekonkurranse om song. Fleire bidrag kan du lese her.

Musikk er eit språk vi alle har til felles. Det er eit språk som følgjer oss heile livet, for musikk er ein del av kulturarven vår. Det har ikkje noko å seie kor ein kjem frå eller kva for ein bakgrunn ein har. Musikk er ein del av oss alle. «Vår opplevelse av musikk går ikke bare gjennom ørene», har Hallgjerd Aksnes, professor ved Institutt for musikkvitenskap, sagt.

For musikk er meir enn berre ord. Det handlar også om opplevinga av ein song. Ein treng ikkje å kunne språket for å kunne føle songen. Musikk er ei eiga form for kommunikasjon, kor ein kan uttrykkje sine kjensler. Den påverkar oss alle på forskjellige måtar, men kan ein song vere med på å samle eit land? Og kva har musikk å seia for oss?

Ein treng ikkje å kunne språket for å kunne føle songen.

«Tusen tegninger» av Karpe Diem er eit døme på ein song som bringa ein nasjon tettare saman etter ein tragedie. Det er ein song som rører hjartet til mange folk, og som blir forbunde med terrorangrepet på Utøya 22. juli 2011.

Songen konfronterer framandfrykt og handlar om å akseptere medmenneska rundt oss, uavhengig av bakgrunn, religion eller livssyn.

«Er både hvit og svart, er både rik og blakk (…) Men brorskap er ikke lenger dei som tror på det samme, har en bror som er en hindu, og det handler om å godta at andre har en mor som – og kanskje en far som – lærte dem noe annet om livet (…)».

Songen fortel oss at vi kan høyre til fleire kulturar, for Norge er eit fleirkulturelt land, som har plass til alle i samfunnet. Den fortel oss at samhald ikkje handlar om at vi deler same syn og meningar, men handlar om eit fellesskap bygd på likeverd. «Tusen tegninger» var ein song som styrka fellesskapet og samhaldet til ein nasjon i sorg.

Høyr songen som lækte nasjonen: 

 

Når ein song da kan bringe eit land saman, kan det da inspirere oss til ei forandring i samfunnet?

Strange Fruit skriven av Abel Merepol er ein song som protesterer mot behandlinga av afroamerikanarar. Det var ein song som blei skriven for å fram den brutale verkelegheita om rasisme, og korleis afro-amerikanarar blei behandla på den tida.

«Southern trees bear a strange fruit. Blood on the leaves and blood at the root. Black bodies swingin’ in the Southern breeze. Strange fruit hangin’ from the poplar trees».

Dette er ein song som måler eit sterkt bilde av korleis samfunnet ein gong var i sørstatane. Strange Fruit var ein av de mest kjente songane på 1930-tallet, og er framleis ein mektig song i dag.

Når ein song da kan bringe eit land saman, kan det da inspirere oss til ei forandring i samfunnet?

Denne songen med sterke skildringar og bruken av kontrast som, «The bulgin’ eyes and the twisted mouth. Scent of magnolias sweet and fresh. Then the sudden smell of burnin’ flesh», fangar merksemda til folk og derfor ein mektig song i dag. Den tok stilling til eit problem i samfunnet, og oppfordra folk til ei forandring.

Strange Fruit er eit døme på ein song som kan vere med på å skape ei forandring i samfunnet.

«Hvor ord svikter, taler musikken», ble sagt av H.C Andersen. Musikk er eit verdsspråk, som vi alle snakkar. Gjennom musikk kan man bringe oppmerksemd til ei sak, fortelje eit bodskap, skape stemning eller inspirere andre til ei forandring. Musikk er ei unik form for kommunikasjon, som bør verdsetjast.

For musikk er meir enn berre ord.

Strange Fruit vart spelt inn først av jazzsongaren Billie Holiday: 

Kjeldeliste:

  • Kari Andresen (16.06.05), https://forskning.no/media/2008/02/musikk-er-mer-enn-lyd, 
  • Karpe Diem, http://www.lyricsreg.com/lyrics/karpe+diem/Tusen+Tegninger/
  • Abel Merepol, http://www.billieholiday.com/portfolio/strange-fruit/
  • H.C Andersen, https://www.ordtak.no/index.php?emne=Musikk