Tenk at nokon til og med brukar songar for å overdøyve bråk. Er ikkje det ironisk, at ein brukar lyd på øyrene for å stenge ute resten av bråket?, skriv Emma Njøten (15) frå Stryn Ungdomskule.
Emma Njøten, 15 år, Stryn Ungdomskule.
Emma Njøten, 15 år, Stryn Ungdomskule.

Denne teksten er eitt av bidraga i Framtida.no, Magasinett og Foreningen !les sin skrivekonkurranse om song.

Som musikk i mine øyre, dansar du rundt i lufttomt rom. Det er så fint. Du tar tak i meg når eg er lei, reiser meg når eg fell. Du er der, kvar gong eg treng deg. Eg treng deg, ofte, og kvar gong eg ber deg om å hjelpe spelar du det finaste eg nokon gong har høyrd. Det eg aller best likar å høyre.

Songen fyller hovudet mitt med dei same orda. Kvar dag heile tida. Det er som om eg har øyrepropper grodd fast til hjernen, og den einaste songen eg har på telefonen er den songen. Den songen som gjer kvardagen lystig, og får meg til å gløyme kva læraren snakkar om i timen.

Den songen som gjer kvardagen lystig, og får meg til å gløyme kva læraren snakkar om i timen.

Heilt til læraren seier namnet mitt, og dei inngrodde øyreproppane løsnar og hovudet blir heilt tomt. Det endar kanskje berre med «vetsj», eller at eg trekker litt på skuldrane. Samstundes som læraren startar å snakke igjen, blir øyreproppene kopla inn igjen, og eg er på nytt inne i ein heilt anna verd.

Nokre brukar song til omtrent alt dei gjer, når dei står opp, et, pussar tennene, går til skulen, på skulen, på veg heim frå skulen, lekse, trening, dusja og når dei skal sove. Tenk at nokon til og med brukar songar for å overdøyve bråk. Er ikkje det ironisk, at ein brukar lyd på øyrene for å stenge ute resten av bråket. Kanskje hjelp det for nokon. Eg har ikkje prøvd, kanskje du har?

Nokre synest songar hjelper på konsentrasjonen, men andre synest det er heilt bak mål å prøve å konsentrere seg samtidig som ein høyrer på ein song. Nokre brukar til og med songar til å kommunisere med folk. I staden for at du skriv tankar du har, sender du berre ein songtekst. Høyrest ikkje det enkelt ut? Kanskje, men det kan vere lettare å bli misforstått.

Nokre brukar til og med songar til å kommunisere med folk. I staden for at du skriv tankar du har, sender du berre ein songtekst.

Tenk om du ein dag skulle sendt teksten til songen; «Roar» av Katy Perry. Viss du meinte at du ropte på den du sendte teksten til, at du kanskje sakna den og at det var den  personen du ville ha, men den du sendte den til trudde du hadde skreve namnet Roar, og at du ikkje vil ha den personen, men ein som heitte Roar.

I dag er song veldig forskjellig i frå kva det var for berre 10 år sidan. I dag kan du høyre på ein song, utan å skjøne innhaldet. Det meste du hører er «skkkrt», «skubidopapa», «prrprrprrpapa», «popopopow» eller «skiit skiiit». Det kan vere vanskelig å høyre innhalde i tekstane, men da kan vi spørje oss sjølve. Kvifor er vi villige til å sitte å høyre på noko som berre inneheld tulleord?

Det meste du hører er «skkkrt», «skubidopapa», «prrprrprrpapa», «popopopow» eller «skiit skiiit».

Ungdommen ville kanskje svart noko om at det høyrest kult ut eller god dansemusikk. Det kan og vere at ein seier det er fordi det er inn. På 60-talet var der jo nesten ein musikk-revolusjon. Songens innhald og melodi var heilt forskjellig. Songane blei meir og meir annleis, og i dag hører ein på songar med berre tull? Eldre mennesker ville kanskje sagt at notidas song ikkje er mogleg å høyre på. Det kan vere at dei ville prøvd å overbevise deg om at øyrene deira blør ut, eller at det øydeleggjar hjernen din.

Songar kan vere med på å påverke samfunnet. Kanskje har songar gjennom tida gjort at samfunnet er akkurat slik som i dag. Kanskje var det slik at songane på 60-tallet der det for det meste skulle handle om «sex, drugs og Rock and Roll», var med på å forme ungdommen slik som den var på den tida. Tenk deg om ungdommen ikkje hadde blitt informert om for eksempel drugs, kunne samfunnet kanskje vore mindre innblanda av drugs, eller hadde det kanskje vore meir.

Kanskje har songar gjennom tida gjort at samfunnet er akkurat slik som i dag.

Ville songen vore annleis i dag om rock and roll ikkje hadde funne stad på 60-talet? Kanskje songen berre hadde vorte prega av Mozart og Beethoven. Kanskje det hadde vore Mozart sin musikk du hadde på øyrene når du jogga for nokon dagar sida? Song betyr veldig mykje for veldig mange. Det betyr veldig mykje forskjellig og. Ein song kan også bli brukt til mykje forskjellig. For nokon er song noko ein må ha for at dagen skal kunne gå rundt. Songar kan få deg til å forsvinne inne i deg, føle at du er ein heilt anna stad. Kva behov vil musikken ha for oss i framtida? Vil musikk alltid vere like viktig for folk?

Ville songen vore annleis i dag om rock and roll ikkje hadde funne stad på 60-talet?

Fleire bidrag i Framtida.no, Magasinett og Foreningen !les sin skrivekonkurranse kan du lese her

Oppdatert: laurdag 12. januar 2019 11.18

Kommentarar

ANNONSE