Seks av ti meiner Noreg bør leite etter meir olje og gass
Eit fleirtal på 59 prosent av befolkninga vil at Noreg skal halde fram å leite etter meir olje og gass, ifølgje ei spørjeundersøking i Klassekampen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Undersøkinga er gjennomført av Sentio Research frå 11. til 18. desember 2018 blant 1.000 respondentar. Dei vart spurde «Bør Noreg slutte å leite etter nye olje- og gassførekomstar?». Mens 34 prosent svarte «ja», svarte meir enn halvparten, 59 prosent, «nei». Dei siste 7 prosentane svarte «veit ikkje», ifølgje Klassekampen.
Det rurale Noreg vil leite etter olje
Fordelt på regionar er Oslo den einaste regionen der det er fleire som vil slutte å leite etter olje og gass enn det er som vil halde fram. 49 prosent i hovudstaden synest det er riktig å stanse leitinga, mens 44 prosent vil halde fram.
På Vestlandet er haldningane ikkje uventa noko annleis. Der er det berre 25 prosent som vil avslutte norsk olje- og gassleiting. To tredelar vil halde fram. Dette er det same bildet som går igjen i rurale område i Noreg.