Støre har KrF-mappa i beredskap

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg legg til grunn at forhandlingane lykkast. Men eg trur det er for tidleg å konkludere, for det er eit veldig stort politisk spenn mellom dei fire partia, peiker Støre på i eit intervju med NTB, i det jula er i ferd med å sige inn over Stortinget.

Ap-leiaren måtte i haust innsjå at eit knapt fleirtal i KrF ikkje ville følgje KrF-leiar Knut Arild Hareides visjon om eit historisk samarbeid til venstre i norsk politikk. Hareide har ikkje sett bort frå at KrF kan sjå mot dei raudgrøne igjen, dersom dei borgarlege forhandlingane bryt saman. Støre held ei lita luke open for dette scenarioet:

– I Ap har vi alltid ein beredskap til å ta ansvar dersom fleirtalet snur. I haust førebudde vi moglegheita for at det skulle gå vegen vår, så vi har ei gjennomarbeidd mappe på korleis det kunne sjå ut og korleis eit forhandlingsopplegg kunne bli gjort, seier Støre.

For tida ligg mappa i skuffen, strekar han under.

Kor mykje kan du om Arbeidarpartiet? Test deg sjølv!

Tapte moglegheiter

Over ei rykande skål havregraut strekar Støre under at verken han eller partiet er fylt av mismot over å bli valt bort. Avklaringa har «eit element av letting», konstaterer han. For no kan partiet konsentrere seg om å jobbe med eigen politikk.

– Oppgåva vår er no å vise fram politikken vår. Så får KrF vurdere dette opp mot det dei opplever i samarbeid med Høgre og Frp, seier han.

Pensjon frå første krone og meir ordna tilhøve i arbeidslivet, ein «nytenkjande oppvekstpolitikk» og betre klima- og distriktspolitikk. Det er blant dei største politiske tapa ved at KrF ikkje valde raudgrønt, meiner Støre.

– Og vi kunne sagt nei til skattekutta som aukar skilnadane i Noreg. Sjå på Frankrike. Formueskattekutta som Macron har gitt, er i forhold til det regjeringa har gitt i Noreg mindre. Og sjå kva det utløyser. Vi kunne ha snudd det, seier Støre.

Romjula i fjor gjekk bort i metoo og krisehandtering for Jonas Gahr Støre. I år håper Ap-leiarane på langt rolegare dagar med mykje tid til familien. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Nøktern optimist

Mens 2017 og starten av 2018 vart blytungt for Ap og Støre med valnederlag, metoo-skandalar og intern strid, har det etter sommaren letta for partiet. På fem månader har partiet gått frå litt over 20 prosent på målingane til å liggje jamt rundt 30-talet.

Støre kan òg sjå fram mot ei romjul som etter alle solemerke blir langt fredelegare enn i fjor, då heile juleferien gjekk med på å handtere Trond Giske-krisen og metoo-sakene i partiet. I år håper han på rolege dagar med mykje tid til sine næraste.

– No er eg eigentleg i veldig godt humør og motivert. Eg føler at vi er der vi skal vere, seier Støre.

Han meiner årsaka er at partiet endeleg har fått lov til å prate om politikk igjen.

Erfaringane med å ha lege høgt på meiningsmålingane over tid for så å kollapse totalt inn mot valdagen frå i fjor, gjer likevel at han vel å kalle seg «nøktern optimist».

Etter eit tungt år løfter Arbeidarpartiet seg igjen på meiningsmålingane. – No føler eg vi er der vi skal vere, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Skal ikkje tape

Ap-leiaren seier han i 2019 er klar til å legge all sin energi inn mot valet i haust. Arbeidarpartiet har 205 ordførarposisjonar å forsvare, og det blir særleg viktig å ikkje tape dei store byane Oslo, Bergen og Trondheim.

Valet har av nokon vorten omtalt som eit skjebnesvangert val for Støre, eit han ikkje har råd til å tape etter nederlaget i 2017. Støre avviser bestemt at han trekker seg dersom Ap gjer eit nytt dårleg val.

– Nei, nei. Og eg har ikkje tenkt å tape det valet.

– Men viss du gjer det?

– Det er eit scenario eg ikkje spekulerer på. Eg har auga mine sett på stortingsvalet i 2021 og opplever at partiet seier veldig tydeleg til meg at dei ønsker eg skal bruke kreftene mine mot det.