Denne klassen har bada kvar månad i heile år

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Gutane samlar seg ytst på bryggja. Dei står i ein hop og forsøker halda varmen bak tynne bomullshandkle. Vinden blæs rett gjennom.

– Kor er livbøya? Den må vera med. Den er viktig, seier kontaktlærar og kroppsøvingslærar Sverre Myklebust for 9C.

Ein elev prøver å halda varmen ved å hoppa opp og ned. Ein annan omfavnar seg sjølv så godt det lar seg gjera.

– Hugs at badebuksa di vert gjennomsiktig når ho blir våt, skjemtar ein gut med kameraten.

– Å, no klarar eg ikkje stå her lenger. No må vi uti. Det er kaldt! seier ein annan.

Livbøya blir funne fram. Jonas Solli Søllesvik held den klar om noko skulle skje. No kan moroa byrja. Endeleg.

Éin etter éin hoppar elevane ut i det kalde vatnet, nokon stupar, andre tar salto, nokon tar springfart. Tilropa og jubelen frå klassekameratane overdøyver nesten kuldeskrika frå dei badande. Rektor er med for å observera. Ine Fu Di Farestveit er blant dei tøffaste. Ho hoppar frå kaien ikkje berre éin, men to gonger. Eine gongen mister ho ullabben sin, så den må Mathias Nilsen Hauge dykka under for å henta opp.

– Eg er ei pyse! seier Karsten Huse Bjørnebøle og ser bekymra på det kalde vatnet.

Han motbeviser straks sitt eige utsegn og kastar seg elegant ut i fjorden.

I fjæresteinane badar litt meir forsiktige elevar. Eller kanskje dei berre har høgare smerteterskel? Sol Skeie og Sara Enæs vassar heile vegen uti. Når vatnet når magane sprett skuldrene opp i øyrehøgde. No gjeld det å dykka raskast mogeleg. Elevane spurtar raskt inn i den varme dusjen etter desemberbadet. Dei er tydeleg kalde, men også nøgde med eigen innsats.

Karsten Huse Bjørnebøle, Mathias Nilsen Børve og Andreas Hauge Myklebust grugler seg til å hoppa i fjorden.

Livreddande moro

Kvar einaste månad sidan januar i år har klasse 9C ved Rosendal ungdomsskule bada det siste året. Kontaktlærar Sverre Myklebust fortalde klassen sin at familien hans sjølve bada gjennom heile året, saman med tre andre familiar. Elevane spurde om ikkje dei òg kunne gjera dette.

Kontaktlærar Sverre Myklebust fortel at heilårsbadinga verkar samlande på klassen i tillegg til å fokusera på tryggleik og livredding.

– Den eine grunnen til at vi gjer dette er fordi det er sosialt og er samlande for elevane i klassen. Det er jo ein artig aktivitet, litt utanom det vanlege, dette, seier Myklebust.

Han fortel at eit anna fokus er livredning i vatn.

– Dette er noko elevane verkeleg treng dersom dei fell frå ei bryggje. Her får ungdommane testa korleis det er å vera ut i kaldt vatn. Korleis kroppen oppfører seg når du får kuldesjokk, utdjupar han.

Han peikar på at opplæring i livredning ikkje berre bør gjerast i basseng, men også utandørs.

– Elevane bør prøva korleis det er å vera i sjøen ved ulike temperaturar, også på vinteren, meiner kontaktlæraren.

Myklebust fortel at i 9C er det 16 elevar som har vore med på badinga. Nokon har vore med kvar månad, andre enkelte gonger.

– Det har vore bra oppslutting i klassen om dette. Men eg er veldig opptatt av at badinga skal vera lystbetont og at ingen skal føla at dette er tvang.

Ine Fu Di Farestveit kjem springande utover kaien for å hoppa i fjorden. Klassevenninne observerer trygt frå land. Hedda Mælen har livbøya klar.

Meir kontroll i vatnet

– Når du går ut i vatnet så kjenner du ingenting, men viss du stoppar blir det kaldt, fortel Sara.

– Ja, når du står i ro så kjenner du korleis kulda sig inn i føtene og kryp oppover beina, seier Sol.

Denne dagen er det opplett, men elevane har bada både i regn og snø.

– Når det regnar så er det faktisk varmare i vatnet enn på land, fortel Sara.

– Har de merka noko forandring frå første gong de bada?

– Ja! Kroppen fekk skikkeleg sjokk då vi hoppa uti første gong, i januar, svarer Sara.

– Så no har vi lært korleis vi må pusta i kaldt vatn, for å behalda kontroll over kroppen, forklarer Sol.

– Viss ikkje du klarer å pusta skikkeleg så får du fullstendig panikk. Såg du han som måtte dykka for å henta sokken? Du såg han pusta skikkeleg, med heile kroppen. Det var for å ha kontroll i det kalde vatnet.

Sol Skeie sitt ansikt seier alt: Desemberbading er kaldt og GØY!