Noregs aller rikaste eig stadig meir

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag publiserte Statistisk sentralbyrå (SSB) ny statistikk over inntektene og formuane til norske hushald i 2017. I snitt hadde kvart hushald ein formue på 2,8 millionar kroner.

– Formuen til hushalda vart meir konsentrert i toppen av fordelinga i 2017. Dei 10 prosenta av hushalda som hadde størst nettoformue, eigde litt over halvparten, 51,6 prosent, av den totale nettoformuen til hushalda, skriv SSB i gjennomgangen av tala.

Gjennomsnittleg formue på 14,4 millionar

Ifølgje tala hadde dei 10 prosent rikaste hushalda ein gjennomsnittleg nettoformue på 14,4 millionar kroner. Dei 10 prosentane med minst formue hadde i snitt gjeld på litt over 1 million kroner, basert på tala i skattemeldinga.

Det er bustader som utgjer størsteparten av formuen blant hushalda i Noreg.

– I 2017 eigde 69 prosent av alle privathushalda primærbustad. Den berekna marknadsverdien av desse svarte til nesten 6.000 milliardar kroner, eller 3,6 millionar kroner i gjennomsnitt for dei som eig ein slik bustad, skriv SSB.

Les også: Unge er mindre optimistar. Høgt udanna drar frå