Her er årets beste speleliste til nyttårsaftan

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 01.01.2019 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I heile haust har Urørt-vinnaren Jon Olav gjeve Framtida.no sine beste musikktips – kva gæmlis vi skal pusse støv av, og kva ny musikk som du ikkje må gå oss hus forbi.

Jon Olav kallar «Jorda rundt» av Masåva ei av dei vakraste låtane han har høyrt på ei stund, medan han i same stund dreg fram klassikarar frå både The Beatles og Beyoncé.

Kva passar då betre på tampen av året enn å samle songane i ei speleliste?

Her er det einaste lydsporet du treng til nyttårsaftan:

Om du vert nysgjerrig på kvifor Jon Olav har valt ut nettopp desse perlene, så kan du lese alle «Vekas musikktips» her.

Har du lyst på fleire tips og meir inspirasjon, så frykt ei: Jon Olav vil halde Framtida.no oppdaterte på musikkfronten også til neste år!