– Det er kanskje ikkje ein menneskerett å bli forelder. Men det må vera lov å prøva, seier Torstein Hatlevik. Han er einsleg, homofil, hotelldirektør – og fekk tidlegare i år si andre dotter.

mm

Nesten kvar fjerde mann i Noreg over 45 år er barnlaus. I 1990 var talet berre 13 prosent. Nokre finn seg aldri nokon å få barn med. Andre gjer noko med det.

Torstein Hatlevik blei pappa til Konstanse Josefine tidlegare i år. Eit filmteam har følgt han heile året for å laga filmen «Eit kjærleiksbarn» som blir vist på TV2 til neste år.

I filmen viser dei det kontroversielle valet han har tatt for å starta ein familie. Det er ein film om eit lite øysamfunn, med sine prestar, frisørar og pensjonerte jordmødrer, og kva dei tenker om kva som er det beste for eit barn, om utradisjonelle val og om det som står i Skrifta. Men mest av alt handlar det om kjærleiken mellom ein far og ei dotter.

Då eg kjem på besøk heim til Haaheim Gaard, så har Torstein akkurat fått Konstanse til å sova. Eg blir vist rundt i det gamle gardshuset som er blitt bygd ut og no rommar både heimen til den vesle familien, restaurant, rom til overnattingsgjester, konferanseavdeling og bakeri. Ute ligg den praktfulle hagen med eige kapell i regnfull vinterdøs.

– Kva er familie for deg?

– Det er nokon som bryr seg om kvarandre og vel å vera ilag. Dei treng ikkje vera kjærastar heller, men dei stiller opp for kvarandre og er der for kvarandre. Ungar treng stabile omsorgspersonar. Om det er ein far eller ei mor, eller kva det er, så er det viktigaste at dei veks opp med nokon som ser deira behov og som støttar dei.

– For meg som er éin person, så er det viktig at eg skapar meg eit nettverk som eg kan spela på.

Yngstejenta, Konstanse Josefine, kom til verda for ti månader sidan. Mora er ei venninne av Torstein, og ho har gjeve han heile foreldreansvaret. Torstein er òg pappa til åtte år gamle Hildur. Ho bur mest hos mora, men er hjå han i helgar og feriar.

– Ho synest det er stas å få ei veslesøster.

LES OGSÅ: Passiv adopsjonspolitikk

Eldre kvinne låg vaken
Tysnes kommune har litt under 3000 innbyggjarar. Då kommunen fekk kvinneleg prest midt på 90-talet var det ikkje utan reaksjonar. Nesten 20 år etter er det framleis dei som ikkje vil godta kvinnelege prestar. Korleis er då for ein einsleg homofil mann med to døtrer?

– Ein dag var dei ei gamal dame som ringde meg og sa at ho hadde lege vaken heile natta og tenkt på jenta. Ho trudde nok at jenta mi ville få det bra med meg som far, men det var imot Skrifta at ho måtte leva med ein homofil far.

Etter ein prat, der Torstein forklara korleis dei hadde det, så blei dama meir roa, sjølv om ho framleis stod fast på sitt; at det var imot Skrifta.

– Eg merkar ikkje så mykje sjølv til kva folk seier. Eg har høyrt nokon som seier at dei er mot at homofile skal få vera foreldre, men at med Konstanse så er det annleis, fordi ho er så heilt spesiell.

– Det er kanskje ikkje ein folkerett å få barn. Men kanskje det er ein rett å få lov til å prøva. Det er uansett ikkje alle som burde ha barn.

– Enno så er det sånn hos nokre miljø at om ein er åleinemor, så har ein kome i ulukka. Då har ein vore laus. Om ein er åleinefar, så har ein vore ulukkeleg.

Torstein trur menn kan ha eit noko anna fokus enn kvinner, men det viktigaste er at ein er gode og trygge omsorgspersonar.

LES OGSÅ: Venta på Emmeli i ni lange år

Intolerant
KrF er mot at homofile skal få adoptera born. Dette meiner venstrepolitikaren Torstein Hatlevik strir mot ønsket deira om å vera eit familieparti.

– Dei ønskjer å verna om familien slik dei tolkar Bibelen. Eg vil stilla spørsmål om kven som fyrer opp under fordommar.

Torstein kunne heller ønskt at partiet fokuserte på korleis ein kan skapa eit tolerant og inkluderande samfunn, uansett kven som utgjer ein familie.

– Var veldig sterkt for meg
Då han heldt på å koma ut av skapet som homofil, så var han på eit kurs som gjorde eit sterkt inntrykk. På kurset var det ei mor som fortalde om sonen hennar som tok sjølvmord. Han vaks opp i ein familie og eit miljø der homofili ikkje blei akseptert.

– Det var veldig sterkt for meg, og eg lova meg etter dette at eg aldri skulle legga skjul på kven eg er.

– Korleis trur du det vil bli i framtida? Vil det bli lettare for homofile foreldre?

– Før var det mykje tausheit rundt slike spørsmål. Eg trur det blir lettare etter kvart som det blir meir openheit.

Ikkje uvanleg før heller
Unn Conradi Andersen har nettopp skrive ei doktoravhandling om familien. «Frå margin til mainstream» handlar om korleis me snakkar om og definerer familien i media.

LES SAKA: Meir enn glansbildet

Torstein Hatlevik synet at media er farga av grunnsynet sitt når dei framstiller forskjellige typar familiar.

– Men det skal seiast at det er mange som har eit objektivt forhold til det i dag.

– Unn Conradi Andersen lanserer omgrepet «stjernefamilie» som eit alternativ til kjernefamilien. Kva tenkjer du om det?

– Det er slik med omgrep at dei uansett berre ord. Nokre gonger så finn ein på andre ord for ord som har blitt belasta, og så trur ein at det er greitt… Det kjem jo an på samfunnet me lever i og ei kva grad ein skaper openheit.

Torstein påpeikar at det òg i gamle dagar var mange ungar som vaks opp hos andre enn dei biologiske foreldra deira.

– Forskjellen frå i dag, er at det ofte var på grunn av at det var naudsynt fordi dei biologiske foreldra ikkje kunne fø på ungane sine.

LES OGSÅ: Set Jesus framføre familien

Familiestoltheit
– Unn Conradi Andersen skriv òg at mange som lever i mindre tradisjonelle familieformer ikkje i så stor grad snakkar med stoltheit om familien sin. Kva tenkjer du om det?

– Eg trur ungar er stolte av foreldra viss dei synest foreldra er ok. Det handlar nok òg om at me lever i eit veldig materielt samfunn. Det er mange materielle ting som driv ein. For meg som barn så kjende eg stoltheit for familien min. Foreldra mine var sånn at dei stod opp og sa kva dei meinte. Det var noko eg hugsar at eg var stolt av. Det er ein fin ting å gi ungar: stoltheit over kven ein er.

Torstein Hatlevik fortel om eldstedottera som tydeleg stolt kunne fortelja nokon besøkande på Haaheim Gaard:

– Alt dette er det pappaen min som eig.

– Eg håpar eg vil gi ungane mine så mykje ballast at dei veit forskjell på rett og gale og at dei vil ta rette val for framtida.

På julaftan samla heile storfamilien seg på Haaheim Gaard. Besteforeldre, tanter og onklar og åtte ungar. På det meste blir dei rundt 40 stykke i jula.

– Me er ein familie som er veldig tett.

LES OGSÅ: Firmaet betaler fedrer for lengre pappa-perm

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE